Forslaget frå administrasjonen i Vestland fylkeskommune om å ikkje setje i gong Vg2 Industriteknologi til hausten sender sjokkbølgjer inn i industrien i Nordfjord. Det har ikkje gått meir enn eit par veker sidan det førre slaget frå fylkeskommunen om tilbodsstruktur før vi får servert endå eit sjokk. Eg reagerer sterkt på dei stadige forslaga frå fylkeskommune som spesielt går utover tilbodet i Nordfjord, og som generelt stadig utfordrar distrikta i Vestland. Som om det ikkje var nok å foreslå at vi skal kutte livsviktige tilbod ved dei vidaregåande skulane våre som studiespesialiserande, FBIE, YSK, og restaurant og matfag, ynskjer ein no å kutte vekk sjølve livsnerven til industrien vår – industriteknologi – til hausten. Kva kostar det at til dømes industrien vår ikkje får tak i arbeidskrafta dei treng? Svaret er at det er snakk om enorme kostnader for samfunnet! Tom-Øyvind Solheim No må det vere slutt på dei totalt øydeleggande forslaga som kjem i distrikta si retning. Næringslivet vårt blomstrar og det er enormt mykje bra som skjer både i Nordfjord og i andre distriktsregionar. Likevel opplever vi gong på gong at fylkeskommunen igjennom sine forslag set oss eit steg tilbake i utvikling. Vi ser tilrådingar som berre tek økonomiske omsyn, utan vektlegging på elevane og næringslivet sine behov og ynskjer. Vestland er ein av dei som nyttar minst kroner pr. elev av alle fylka i Noreg. Ser vi rett over grensa til Møre og Romsdal ser vi ei heilt anna forståing og tilpassing til elevane og næringslivet enn det som er tilfellet her i Vestland no. Det skjer ei gradvis sentralisering av fleire utdanningstilbod som vi overhovudet ikkje kan akseptere. Om den nye trenden er at ein skal ta ned tilbod kvar gong det manglar nokre søkjarar her og der for oppfylling av ei heil eller halv klasse ute i distrikta i Vestland, så bidreg ein til uføreseielege vilkår for elevane, skulane og ikkje minst næringslivet vårt. Ein slik metodikk vil føre til at elevane ikkje tørr å søkje på fyrstevalet sitt i frykt for at dei må flytte eller ikkje kjem inn på skulen dei ynskjer i nærområdet sitt. På sikt fører dette til at skulane blir utarma for utdanningstilbod. Er det noko vi veit så er det at elevane i stor grad søkjer seg til nærskulen sin, og mangel på tilbod nært eleven fører til omval og fråfall. Desse faktorane ser ikkje ut til å vere lagt vekt på i det heile for tida. Kva kostar omval og fråfall for både fylkeskommune og samfunnet elles? Og kva kostar det at til dømes industrien vår ikkje får tak i arbeidskrafta dei treng? Svaret er at det er snakk om enorme kostnader for samfunnet! I distrikta i Vestland er det stadig mangel på lærlingar, medan vi veit at i sentrumsnære område er situasjonen annleis. Der står mange elevar utan læreplass kvart år. Då blir det fort oppretta Vg3-liner lokalt for desse utan diskusjon om kostnader eller anna, i staden for å gje desse elevane tilbod om å ta læretid ute i distrikta. Mangel på faglærde er enorm, men likevel er det distriktselevane som skal måtte flytte på seg? Er det slik at så lenge du bur i sentrumsnære område så skal du få tilbod om alt og så er det elevane i distrikta som skal måtte flytte på seg til stadigheit sjølv om den aller største verdiskapinga på Vestlandet faktisk skjer ute i distrikta? Om vi legg opp til ein slik strategi at fleire og fleire må flytte for utdanning, blir bygdene våre fort utarma både for skular, idrettslag, korps og næringsliv. Vi snakkar om den same ungdommen som både er skuleelev og kanskje spelar på det lokale fotballaget på kveldane. Om dette er målet, så er sjølvsagt dei seinaste sakene frå fylkeskommunen ein veldig god strategi. Industriteknologi er det breiaste yrkesfaglege utdanningsprogrammet vi har i den vidaregåande skulen. Industriteknologi kan føre fram til over 20 ulike lærefag og er den aller viktigaste rekrutteringskjelda til industrien vår anten du driv med tre, metall, polymerkompositt eller industriell matproduksjon. Ved årets utlysing er det i Nordfjord lyst ut over 50 ledige læreplassar i industrien. Dette er ny rekord. Då er det eit særs dårleg signal frå fylkeskommunen å oversjå dette behovet og foreslå å ikkje setje i gong dette tilbodet. Elevtala kjem til å variere i åra framover innan ulike programområde, men vi kan ikkje stadig oppjustere, ta vekk og opprette utdanningstilbod. Då øydelegg vi for både elevane og næringslivet som begge treng føreseielege vilkår. Tom-Øyvind Solheim Supersjef Nordfjord Opplæringskontor