Stryn Ap, saman med LO Nordfjord, arrangerte 1. mai-markering på Stryn vidaregåande skule med nær 40 frammøtte.

I tråd med tradisjonen var det talar og appellar, i tillegg til musikkinnslag, allsong og kaker til kaffien, ei markering av fellesskap og dei verdiane 1. mai bygger på.

Elevar frå Firda vgs, fire flotte russ i sine raude dressar, stod for musikk, både til allsongen og eigne innslag.

Hovudtalar var Stryn Ap sin ordførarkandidat Haldor Hove, som tok oss med bakover i historia, til Chicago på 1800-talet der det vart bestemt å markere kampane som hadde gått, etter harde slag der demonstrantar vart slått ned og miste livet. Han gjekk over til det politiske arbeidet lokalt og inviterte til å kome med innspel og synspunkt.

Leiar av Raudt Stryn og 1. kandidat til kommunevalet i år, Anders Hamre Sveen, trakk i sin appell mellom anna fram auka fattigdom og fleire konkrete tiltak som Raudt har fremja på Stortinget, som til dømes ein politisk vedteke makspris på straum på 35 øre pr kwt, auka barnetrygd og auke i minstepensjonen.

Han var også innom faren for at krisa fører til angrep på faglege rettar i arbeidslivet og at EØS-avtalen etter Raudt si meining gjer det vanskelegare å vedta tiltak for å hindre sosial dumping av løns-og arbeidsvilkår. Appellen frå LO var ved regionsnestleiar i LO Vestland, Nils Petter Støyva. Han viste til dei tre orda som har vore arbeidarrøsla sine slagord sidan starten, fridom, likskap og solidaritet, og at desse orda må omsetjast i praktisk politkk.

Han viste vidare til at krafta i arbeidarrørsla fekk vi demonstrert under streiken etter lønsoppgjeret for to veker sidan. Ein million LO-medlemmar fann seg ikkje i at eigarane og bedriftsleiarane tok ut lønsauke og bonusar utan sidestykke. Ein direkte undergraving av den solidariteten og likskapstanken som pregar samfunnet vårt.

Resultatet vart historisk godt med ein profil som heilt klart prioriterer dei låglønte.

Han viste også til Regjeringa sin arbeidslivspolitikk og at dei har levert og gjennomført tiltak i tråd med LO sine innspel, og nemde m.a.:

- Feriepengar for dagpengar

- Auka fagforeiningsfrådrag

- Pensjon frå første krone

- Det generelle høvet for midlertidige tilsetjingar er fjerna

- Retten til heiltid er styrka

1. mai-markeringa vart avslutta med allsong og «Ellinors vise» der det heiter: «Æ drømme om at det blir like fint å jobbe som å danse».

Stryn Ap, LO Vestland og Raudt Stryn

I tråd med tradisjonen var det talar og appellar, i tillegg til musikkinnslag, allsong og kaker til kaffien, ei markering av fellesskap og dei verdiane 1.mai bygger på. Elevar frå Firda vgs, 4 flotte russ i sine raude dressar, stod for musikk , både til allsongen og eigne innslag. Foto: privat