« Utbetringstiltak skal setjast igang i 2027, uansett kva sirkus og usikkerhet Sp og Ap forsøker å skape ikring denne saka»

Dette veit vi fordi det var Frank og Frp som fremma framlegget i fylkestinget sitt investeringsprogram og fekk samrøystes vedtak på dette i 2023.

Seinare vedtok Frp, Høgre, KrF og Venstre fylkesbudsjettet for 2024 der det står klart og tydeleg at igangsatte og prosjekt med bindinger skal fortsette og ikkje utsetjast.

I oversendingsforslag til fylkestinget frå fylkeskommunedirektøren ved økonomisjef, står det også like klart og tydeleg ved tiltaket fv 60 Tomasgård- Røyrhus bru, at dette er igangsatt/binding.

Derfor reknar vi med at planleggingsarbeidet blir gjennomført framover, slik at oppstart av utbetringstiltak kan setjast igang seinast i 2027.

Så høyrer det til realiteten, at dette gjelder planlegging og prosjektering av fyrste del av utbetringsprosjektet, frå kommunegrensa til Seljeset, og området der ny veg skal krysse dalen/elva.

Her er avsett 10+50 mill kr til utbetringstiltak med forventa oppstart i 2027, samrøystes vedteke i fylkestinget.

Dette betyr at vi har 2-3 år til å planlegge, og lyse ut på anbod desse utbetringstiltaka.

Fylkesveg 60: Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal har vedteke framtidig trase for fv 60 Tomasgard-Røyrhus bru, der det skal byggjast ny veg frå Tomasgard til Raftevoll, medan eksisterande veg på strekninga Raftevoll-Røyrhus bru får fornying og oppgradering. Foto: Bengt Flaten

Prosjektet vidare ned Dalen med ny bru som krysser over til motsatt side av dale i forhold til dagens fv 60 trasé, og med heilt ny veg ned til Tomasgård med nytt kryss inn på eksisterande fv 60, er eit svært stort og dyrt prosjekt.

Kva summar vi snakkar om her kan fort være mellom 400 mill til 800 mill kr, kanskje meir.

Prosjektet står i dag på pri 2 i større vegprosjekt, med Todalsfjordkryssinga som nr 1 til fleire milliard kr.

Dette må vi alle forholde oss til, og er samrøystes prioriteringar frå alle parti i fylket.

Dette er realiteten og status så langt, derfor trenger verken Sp-ordføraren i Volda eller andre i opposisjonen her i fylket forsøke å «bruse med fjøra»

Frp, Høgre, KrF og Venstre har faktisk tenkt til å bygge veg, legge meir asfalt og sette inn igjen ferjekutta til Sp og Ap her i fylket, noko vi no viser ved vårt budsjett for 2024.

50 mill kr i auka ferjetakstar stoppa vi galant, 50 million kr ekstra til asfalt og 14 mill kr til reetablere ferjekutt frå raudingane har vi fått på plass.

Då kjem til dømes laurdagsruta på Hundeidvik-Festøya på plass igjen, i tillegg til mange ekstra ruteavganger i mange samband her i fylket.

Vi gjer så godt vi kan, sjølv med konsekvensane av tidenes verste regjering for fylkeskommunen i manns minne, og som raserer økonomien til vanlige folk og næringslivet.

Frank Sve, gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

stortingsrepresentant og 1. nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen

Hans Olav Myklebust (Frp), fylkestingsrepresentant og leiar samferdsleutvalet i Møre og Romsdal