Viser til nabovarsel i forbindelse med søknad om bygging av landbruksveg på Tonningskamben. Vedlagt til søknaden låg planane for hogst i resten av området, noko som er kommentert i nabovarsel frå Olava Ragna Kristensen.

Vi skal prøve å svare ut dette så godt det let seg gjere.

Via Allma, som er vårt kartverktøy, finn vi ingen faresoner i dette terrenget, den generelle hellinga oppom bebyggelsen her, er maksimum 28°.

Ved litt hjelp frå innsendar av nabovarslet, fann vi på NVE sine kart ei faresone for 1.000-års intervall snøskred i denne lia, under føresetnad at her er 0 skog.

Kart over hogst i området på oversida av Vikavegen. Foto: kartverket

Furuskogen i dette området er veldig ensarta, der veldig stor del av skogen har same alder, omkring 150 år.

Der er også ein del lauvskog, dels som underskog, og nokre parti som er dominert av lauv.

Driftsmåten som er planlagt her, er den mest skånsomme metoden i moderne skogbruk: Fallbaneteknikk, der ein dreg skogen opp, og ingen bevegelsar går nedover. Vi nyttar her ein svært erfaren entreprenør, Frivik Taubaneentreprenør, med operatørar som har drifta i bratt terreng i 20 år, og som kan sikring av arbeidet.

I dei områda som er viktig for 1.000-års snøskred vil vi uansett sette igjen underskogen og stabile lauvtre. For å sette att gamle furutre, må ein vurdere grundig i kva grad desse er stabile framover, i og med at den største faren i dette området truleg er rullande stein frå rotvelter.

Det er heller ingen god ide å la skogen stå som han er, for såpass gammal skog når truleg snart ein alder der ein får meir vindfall, med same resultat.

Nokre viktige punkt i arbeidet, slik vi ser det:

1. Området må snarast plantast til igjen, og ein må ha fokus på å få opp ungskogen spesielt i dei brattaste områda.

2. Unge tre, og større tre av både lauv og furu, som blir vurdert stabile, vert sett att.

3. Ved planlegging av vinsjetrasear, og under arbeid må ein holde ekstra fokus på å unngå/ sikre stein som ligg laust i overflata.

4. Det vert uansett ingen hogst i ei sone på 40 m frå bebyggelse i Vikavegen og Sandbakken, og slik skogen ser ut, vil denne sona truleg bli opp mot 50 m. Unntaket kan vere ein del store graner i furuskogen oppom husa lengst vest, som vi kan få med om ønskjeleg.

5. Om Stryn kommune ønskjer det, kan ein sette att ein del høgstubbar på t.d. 1 m i dei mørkt skraverte områda, for å stabilisere for snø i ein periode fram til ny skog har nådd tilstrekkeleg størrelse.

For grunneigarane 57/9 og 57/11, Kjell Magne Åshamar

skogbruksleiar AT skog