Etter to år utan 17. maitog og skikkeleg feiring, skal vi endeleg få feire nasjonaldagen vår igjen. Finstasen er for lengst henta fram, alle tog er i rute, og det same er aktivitetar og arrangement rundt om i dei mange grender.

17. mai er ein av dei store dugnadsdagane rundt om i landet. Overalt har 17. maikomitear vore i full sving med å førebu program for nasjonaldagen. På skulane har 17. mai og Norges grunnlov vore tema i klasseromma og elevane har øvd på dei tradisjonelle songane.

For ikkje å gløyme korpsa. Sjølve bautaen i feiringa rundt om. Vi har høyrd dei øve jamnt og trutt før den store dagen. Ekstra godt i år, vil vi tru, ettersom 17. maifeiringa har vore sett på ein ufrivillig pandemi-pause dei to siste åra. I dag er vi på nytt så heldige at vi skal få feire at Norge fekk si eiga grunnlov. Det skjedde på Eidsvoll 17. mai 1814. Norge var framleis i union med Sverige på den tida, men etter kvart reiv vi oss laus frå svenskane. Seinare vart vi okkupert av Tyskland, men sidan 1945 har Norge vore både fritt og uavhengig. I ei verd med krigar og uvenskap på mange kantar, ikkje minst i Ukraina, er vår eigen fridom og uavhengigheit noko vi har særs god grunn for å feire. Norge er truleg også av dei beste land i verda på å feire eigen nasjonaldag. Så la oss alle glede oss over nok ein 17. mai i eit fritt land, bygd på viktige grunnsteinar som demokrati og fridom, der ytringsfridomen vert ein stadig viktigare verdi.

Nasjonaldagen skal først og fremst vere leik, glede og sosiale samkome der borna vert sett i sentrum, men og ein dag som inviterer til refleksjon over den fridomen vi har og korleis vi har fått den.

Hipp hipp hurra, og gratulerer med dagen!