Stig Olav Lødemel vald til ordførar

Blomsteroverrekking: Anne-Britt Øen Nygård overrekte blomar til påtroppande ordførar Stig Olav Lødemel, med ønske om lukke til. Lødemel takka Øen Nygård for ordførargjerninga i det han karakteriserte som fire viktige år for Hornindal kommune, med mange store hendingar. 

Nyhende

Stig Olav Lødemel (H) vart vald til ordførar under det konstituerande kommunestyremøtet i Hornindal i ettermiddag. Då kommunestyret skulle velje ordførar, var Anders Hjellbakk (Sp) på talarstolen for å føreslå Eldar Engelund som ordførar. Anne Raftevold (H) sette fram forslag på Stig Olav Lødemel. Resultatet av den skriftlege avrøystinga gav følgjande resultat: Ni røyster for Stig Olav Lødemel, seks røyster for Eldar Engelund og to blanke røyster.

Etter blomsteroverrekking, takk og lukkeønsking, fekk Stig Olav Lødemel ordførarkjedet av Anne-Britt Øen Nygård. 

 

Under val av varaordførar sette Silvia Prøven (Sp) fram forslag på Bente Tryggestad (Sp). Ap ved Lars Alv Haugen sette fram forslag på Randi Langlo (Ap). Den skriftlege voteringa gav tilsvarande resultat som ved ordførarvalet: Ni røysta for Randi Langlo, seks røysta for Bente Tryggestad og to røystesetlar var blanke.

Eit samrøystes kommunestyre valde Edvin Haugen (H) til leiar for Utval for utvikling medan Anders Hjellbakk (Sp) vart samrøystes vald som leiar av Utval for helse og oppvekst.

Rasmus Kirkhorn (Sp) vart samrøystes vald som leiar av kontrollutvalet.