Teater er så mykje og så mangt. Publikum som såg «Fysikarane» av Friedrich Dürrenmatt onsdag 7. februar, måtte kanskje endre litt på det dei tidlegare la i omgrepet «teater».

Teatersjef og regissør Bodil Kvamme hadde laga ein mix av radioteater og vanleg studioteater. Og det blei spennande og morosamt. Under framsyninga let ein seg stadig overraske av lydar som skulle illudere det skodespelarane heldt på med. Og ein fekk til og med sjå korleis lydane vart framkalla, anten med det ein på teaterspråk kallar «rekvisittar», eller med instrument.

Det kunne jo ha forstyrra handlinga, men teksten i stykket til Dürrenmatt var såpass lett å tolke at publikum fekk den med seg ved sidan av effektar og interessante «lydrekvisittar». Vi sat i det som er teateret sin Black Box, ei innebygd, lita scene med plass til knappe 50 tilskodarar; (det var 27 personar til stades i Innvik). Handlinga kom såleis svært nær innpå publikum, og i tillegg såg vi alt det som teknikarane gjorde. På teaterspråket kan ein kalle det lydkulissar. Når skodespelaren tende pipa eller ein sigarett, vart det berre mima på scena, mens teknikarane brukte mikrofon og laga lydar som illuderte inhalering og utblåsing av nikotinrøyken!

Det same gjaldt når dei drakk. Slurpe- og svelgelydar vart føretekne av teknikarane framfor mikrofonar og eit bord som stod til venstre for scena. Slik vart «back stage» inkludert i sjølve framsyninga, både med lydeffektar og med effektar frå nokre enkle instrument. Det var fascinerande, artig og interessant. Publikum småhumra og måtte nok skjerpe seg litt for å få med seg handlinga på scena, mens det føregjekk så mykje på det tekniske plan. All ære til både skodespelarar, (som veksla på å vere med i handlinga og vere teknikarar attmed scena), – og til regissøren som hadde greidd å få til ein slags symbiose. Litt radioteater og litt vanleg teater. Litt parodi på radioteateret kanskje; overraskande og fantasifullt.

Inkludert: Back stage vart inkludert i sjølve framsyninga med at lydar som slurping og svelging vart utført teknikarane framfor mikrofonar og eit bord som stod til venstre for scena.

Stykket hadde ein dødsens alvorleg bodskap, men var likevel fullt av surrealistiske og merkelege episodar. Dei fekk oss til å le, men latteren sat stort sett fast i halsen, for ein oppdaga jo etter kvart at dette var rame alvor. Det at tre kvinnelege sjukepleiarar vart myrda av tre galne menn, som alle tre var vitskapsmenn (fysikarar), var i seg sjølv ikkje det store alvoret. Forfattaren hadde laga ein lettvint forklaring på dette. Mennene var jo galne og kunne ikkje lastast for det. Som publikum var det greitt å «godta» dette, sidan det var så irrasjonelt. Men den store klumpen som var sitjande i halsen, kom først då dei tre vitskapsmennene avslørte at dei var tilknytta både etterretning, næringsinteresser og politikk hos verdas største stormakter. Den store oppfinninga som kunne utslette livet på jorda, vart gjort til gjenstand for ein slåstkamp mellom to av vitskapsmennene, (som representerte stormaktene).

Oppfinnaren, som eigentleg helst ikkje ville at oppfinninga skulle bli kjend, hadde brent papira. Men skaden var skjedd! Slik vi veit at skaden skjedde då stormaktene låg i strid med kvarandre under siste verdskrig.

Den siste delen av teaterstykket var dramatisk og godt spelt, i likheit med dei andre scenene. Alle skodespelarane gjorde ein fin innsats og fekk godt fram både bodskapen og det tekniske. Eg må likevel gje Idun Losnegård ekstra honnør for ein truverdig, (men likevel surrealistisk), tolking av rolla som den fordrukne og skruppellause oversøstera på dette vanvittige sanatoriet, der alt vart avslørt til slutt. Og komedien vart alvor.

Eg er forsiktig med å bruke omgrepet «teaterkritikk». Teatermelding er eit betre ord. I alle fall fekk underteikna ei fin oppleving i Black Boxen. Stykket var både godt regissert og godt spelt. Verdt å sjå!