Eit stort skred gjekk frå Kolefonna ved Skrede på E39 langs Hornindalsvatnet tidleg søndag morgon. Til alt hell vart ingen tatt av raset som vart meldt klokka 06.40. I frykt for nye skred, vart ikkje vegen opna før måndag ettermiddag/kveld etter at geolog hadde vore synfart området i helikopter.

Det vart gjort søk med både helikopter og redningshundar i nedre del av skredet utan funn. Det var heller ikkje mistanke om at nokon vart råka av det som blir kategorisert som eit stort skred.

– Hyppigare skredaktivitet

– Kolefonna er mellom 50 og 60 meter breitt og over 5 meter høgt i nedre del, seier prosjektleiar drift Fjordane i Statens vegvesen, Lars Karlsen til Fjordingen. Han kan opplyse om at Kolefonna gjekk både i 2000, i 2013 og i 2015.

– Denne reknast å gå med 20 års mellomrom, men den går hyppigare no. Det har vore skredaktivitet over om lag ein kilometer på denne strekninga dei siste åra, fortel Karlsen.

I 2015 gjekk det eit stort jordskred over vegen, like ved der Kolefonna gjekk søndag.

Karlsen vil ikkje spekulere i om det er terrengsikring eller tunnel som må til for å trygge denne vegen. Det vil derimot Eid-ordførar Alfred Bjørlo, som synfarte det aktuelle området frå helikopter saman med geolog søndag.

Vil ha tunnel – Det er berre ei fullgod løysing og det er tunnel, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo om den svært rasutsette stamvegen. Foto: Arkivfoto

– Tunnel må på dagsorden

– Det er enorme dimensjonar på mengdene snø. Eg tenkjer at det massive snøskredet søndag syner at det berre er ei einaste fullgod løysing, og det er bygging av tunnel. Denne saka må på dagsorden og løftast fram politisk. Vegen er både ein del av nord-sør og aust-vest stamvegnettet i Norge, understrekar Bjørlo som peikar på at det i tillegg er aukande trafikk her.

– Vegen har ein årsdøgntrafikk (ADT på om lag 1400. Når trafikken passerer 1500 ÅDT skal det gjerast strengare rasvurderingar enn tidlegare, seier Bjørlo. Også han peikar på hyppigare skredaktivitet på stamvegen.

– No kjem det skred så ofte at farekategorien må justerast, seier Bjørlo som viser til ein rapport som er utarbeidd for strekninga. Rapporten seier at tunnel vil gje 100 % sikring mot naturfare på strekninga.