Nordfjord Kjøtt AS er allereie i gong med opparbeiding av ny parkeringsplass med plass til 200 bilar for sine tilsette på andre sida av den kommunale vegen sør for fabrikklokala.

Neste byggesteg er opparbeiding av ny kommunal veg med nytt kryss med fylkesveg 60.

Prosjektansvarleg for Nordfjord Kjøtt, Arne Sandnes, viser til reguleringsplanen for Loen sør, som vart vedteken i 2013.

Skal løyse logistikkutfordringar i Nordfjord Kjøtt

– Omlegging av den kommunale vegen skal legge til rette for oppføring av industribygg på dagens parkeringsplass for dei tilsette ved Nordfjord Kjøtt. Bygget skal binde saman tørkelageret og fryseriet med produksjonslokala på andre sida av vegen.

Dagens veg går midt i mellom, forklarar Sandnes.

Her kjem vegen – Går alt etter planen så kan parkeringsplass og ny veg vere ferdig i 2020, seier prosjektleiar i Nordfjord Kjøtt, Arne Sandnes. Foto: Roger Oldeide

Sandnes fortel at lasting av både ferdigvarer og varer til og frå frys- og tørkelageret går føre seg på austsida av hovudbygget. Varene må transporterast over lange og kronglete strekningar inne i bygget før dei kan lastast på bil. Ved å knyte alle bygg saman vil kjøtgiganten kunne løyse sine logistikkutfordringar innomhus.

Vil ha kommunen med på spleiselag

På vegne av Nordfjord Kjøtt har Sandnes søkt kommunen om delfinansiering ved å ta hand om grunninnløysing, samt 140 meter av den totalt 680 meter lange vegen.

– Den nye kommunale vegen vil etter vår meining bli ei oppgradering for Stryn kommune og gi eit tryggare kryss ved fylkesvegen. Tungtrafikken som i dag går internt på området til Nordfjord Kjøtt vil ikkje lenger måtte krysse kommunal veg, argumenterer Sandnes som har foreslått at kommunen tek seg av prosjektering og opparbeiding av dei første 140 meterane frå fylkesvegen, samt grunninnløysing av det totale prosjektet.

Ny veg: Ny veg frå krysset ved fylkesvegen til venstre. Vegen, merka i raudt, er delen NK vil at kommunen skal finansiere. NK sine produksjonslokale i midten.

Det er alt ei konflikt mellom vegprosjektet og ein grunneigar. Stryn kommune har ikkje gitt svar på Nordfjord Kjøtt sin førespurnad enno, men kjenner godt til planane.

– Det er eit positivt tiltak, men om vi finn midlar i eit allereie stramt budsjett kan eg ikkje seie noko om enno. Vi må fyrst få drøfte saka, seier stryneordførar Sven Flo.