Motorfestivalen i Stryn får i år besøk frå høgaste hald Sjølvaste samferdsleministeren kjem for å føreta den offisielle opninga fredag ettermiddag under festivalen. Vitjinga har kome i stand på initiativ frå Norges Lastebieierforbund.

– Det er utruleg kjekt at samferdsleministeren faktisk kjem til Stryn og Motorfestivalen. Dette er noko vi har arbeidd med i over eitt år, seier Rolf Olav Tenden, leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.

Også Motorfestival-general Jørn Sønsterudbråten er begeistra over at ministeren kjem til festivalen.

– Det er utruleg flott at han legg turen hit, seier Sønsterudbråten.

Mo pådrivar

Det er administrerande direktør i Norges Lastebileierforbund, Geir A. Mo, som har vore pådrivar for å få til dette og har jobba overfor departementet for å få det til, understrekar Tenden.

I byrjinga av mai kom stadfestinga av at statsråden faktisk kjem til Stryn fredagen under Motorfestival-helga.

Statsråden skal stå for den offisielle opninga av Motorfestivalen fredag ettermiddag.

Bedriftsbesøk

– Elles er det lagt opp til eit program for han under besøket, der det både blir bedriftsbesøk og fokus på veg og kommunikasjon for lokale bedrifter. Vi ønskjer å setje fokus på kor viktig dette er for næringslivet og transportnæringa i distriktet, seier Rolf Olav Tenden.

Set stor pris på

Lastebilnæringa set stor pris på at samferdsleministeren har takka ja til invitasjonen og tek turen. På denne måten får han både møte aktørar i næringa og oppleve litt av miljøet kring Motorfestivalen i Stryn. Samstundes er det ikkje tvil om at veg også vil stå i fokus.

Veg og kommunikasjon

– Det viktigaste for oss, når vi faktisk får ministeren til Stryn, er at vi får fokus på kommunikasjon og veg, seier Rolf Olav Tenden.

– Men det er sjølvsagt også viktig å vise kva Motorfestivalen betyr. Kva festivalen har gjort for næringa i Sogn og Fjordane. At festivalen har sett fokus på transportnæringa, løfta næringa og skapt ein god og viktig møteplass.

kjekt: – Det er utruleg kjekt at samferdsleministeren faktisk kjem til Stryn og Motorfestivalen, seier Rolf Olav Tenden, leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane. Foto: Bengt Flaten