Steffen Melheim frå Olden IL fekk opp eit kjempekast i diskos då han deltok i kaststemnet Loggane Open på Rygg i Gloppen sist helg. Diskosen flaut heile 60,21 meter, noko som er bestenotering for 15-åringar i Sogn og Fjordane gjennom alle tider. Thomas Mardal hadde den tidlegare rekorden med 54,66 meter.

1.119 tyrvingpoeng

Sett opp mot Tyrvingtabellen (reiskap som vert nytta for å vurdere friidrettsresultat i aldersbestemte klassar, der 1.000 poeng er vurdert som eit framifrå resultat) gjev kastet også ein svært høg poengsum: Steffen Melheim sitt kast på 60,21 m med 1 kg diskos i 15-årsklassen for gutar gjev heile 1.119 poeng.

– Fantastisk sterkt

– Dette er eit fantastisk sterkt resultat. Og ikkje minst sidan dette var første konkurransen hans denne sesongen. Det er faktisk det nest lengste diskoskastet i 15-årsklassen i Norge gjennom alle tider! seier Asgeir Aardal, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

– Det seier litt om nivået som han har inne, og han ligg godt an til å kunne klare å kvalifsere seg til ungdoms-OL neste år, seier Aardal.

– Mykje arbeid ligg bak

Hans-Petter Galtung i Olden IL er ikkje overraska over framgangen til Steffen Melheim.

– Steffen hadde også eit kast på 60,16 meter då han deltok i kaststemnet i Gloppen sist helg. Han har eit stort potensial, og det er mykje eigentrening og hardt arbeid som ligg bak, seier Galtung.

Han seier at kastmiljøet i Gloppen, med Jørund Årdal i spissen, har vore viktig for Melheim si utvikling:

– Jørund Årdal har vore sentral på den tekniske delen. Fleire andre er inne i bildet for å heve kompetansen, og broren Mathias er også ein viktig bidragsytar. Galtung meiner vidare at allsidigheit er sentralt slik at ein ikkje går lei av idretten.

Bestenoteringar for G15 i diskos

(før Steffen Melheim sitt resultat er registrert)

Torgeir Skogset IK Tjalve 64,24 m (1973)

Lars Ola Sundt Kolbotn 60,06 M (1983)

Mikael Andelic Sarpsborg IL

58,54 m (2013)

Torkel Bjørbækk Bodø FIK

57, 68 m (2014)

Rune Johansen IL Sørfjell

57,28 m (1995)

Jørgen Olsen Austenes IL Fri

56.01 (2009)

Sven M. Skagestad Loddefjord IL

55,15 m (2010)

Knut Vikne Tønsberg FIK 54,92 (1991)

Fabian Weinberg Kristians. IF 54,67 m (2016)

Thomas Mardal Sandane TIL

54,66 (2012)

– Fantastisk sterkt resultat, seier Asgeir Aardal i friidrettskrinsen. Foto: SFFIK
Hans-Petter Galtung i Olden IL er ikkje overraska over resultata til Steffen Melheim (t.v.). Foto: Leif Vinsrygg (arkiv)