«Fjordingen i farta» har vi kalla turnéen der vi ønskjer å kome i kontakt med lesarane våre. I Olden møtte mellom andre Reidun Marit Brynestad opp og nytta sjansen til å framsnakke heimbygda.

– Det er så mykje bra som skjer her, seier leiaren for Bygdekvinnene, og sukkar litt over alt det negative fokuset som ho føler at cruisehamn-utfordringar og tomtekjøp har fått.

Ho listar opp eit aktivt lags- og organisasjonsliv, og skryt av ei imponerande dugnadsånd.

– Og Olden og basar er noko heilt spesielt. Då renn pengane mellom fingrane på folk, ler ho, og hevdar at 40-50 tusen er eit heilt vanleg innkome når oldarane møtes til loddbøker og åresal.

- Og så må du få med at her bur veldig kjekke folk! seier Brynestad.

Onsdag går turen til Joker Loen.

Marknadssjef Ove Andre Aarskog er også med på turnéen i indre Nordfjord der vi besøkjer dei fleste bygdelag.