Totalt seks personar har søkt jobben som kulturskulerektor i Stryn. Fire kvinner og to menn. Spennet er stort både i alder og kvar dei har bustadadresse. Ein av søkjarane held i dag til i Gøteborg.

Linda Gytri, som har jobba i kulturskulen siste sju åra, er ein av søkjarane til leiarjobben. Ho veit vi derimot har takka ja til jobben som rektor for kulturskulen i Volda.

Den nye rektoren får gleda av å ønskje elevar og lærarar velkomne i nye lokale i 3. etasje i Stryn kulturhus, der vaksenopplæringa tidlegare var lokalisert.

Fullstendig søkjarliste:

1. Aanolie, Thomas - 47 år – Sandane

2. Heieren, Ingrid – 29 år –Blaksæter

3. Anderson, Ola – 53 år – Vik

4. Gytri, Linda – 38 år –Stryn

5. Aalberg, Cecilie – 26 år – Sortland

6. Lith, Maria – 61 år- Gøteborg