I fleire tiår har folk i Loen sett ut fullt av bøtter på kyrkjeloftet, for å hindre at vatnet som lek gjennom taket skal kome ned i sjølve kyrkjerommet. Denne kampen mot vatnet hadde mange eit berettiga håp om skulle ta slutt, no når kyrkjetaket endeleg skulle utbetrast.

Riksantikvaren er nøye på at taket skal renoverast på same måte som det var originalt. Det gjer at bygdefolket i Loen fortvilar. For gamletaket var bygd på gamlemåten, der taksteinen var lagt rett oppå treverket.

Ein skal ha respekt både for gamle byggeskikkar og utbetring der formålet er å ta vare på gamle byggeskikkar og oppnå eit tilnærma likt resultat som før utbetringa. Riksantikvaren fortel til Fjordingen at dei har gjort mange vurderingar undervegs, men at dei har landa på ei løysing som er tilnærma lik den gamle, men der det vert gjort forbetringar på dei mest kritiske punkta.

Bygdefolket som har hatt dei praktiske plagene med vasslekkasjar i mange tiår fortvilar og fryktar at problema med vasslekkasjar ikkje tek slutt. At taksteinen i si tid vart lagt rett oppå treverket skuldast nok at ein den gong kyrkja vart bygd ikkje hadde takpapp. Stein rett oppå treverk gjer at vatnet vil trengje inn og gjennom kvar gong det er regn og vind. Og slikt ver er det stadig oftare på våre kantar. Endringar i klimaet med fleire tilfelle av ekstremt vêr burde telje i denne samanhengen.

Riksantikvaren meiner opplekting av kyrkjetaket i Loen vil endre utsjånaden, og har difor vald gamlemetoden. Nokre vil vere fullt samde i denne vurderinga, andre ikkje. Sjølv om det skulle gå mange år før vatnet får jobbe så mykje at taktroa på nytt rotnar, er det verste problemet for dei som passar på kyrkja at dei ikkje veit om taket faktisk er tett. Faren for rote treverk er ein ting, faren for framleis å måtte springe med vassbøtter er det største praktiske problemet. Difor er det ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen. Berre ettertida vil vise kor godt taktekkinga denne gong fungerer.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør