Det var i ei pressemelding onsdag at nyheita om at kinesiske Qumei Home Furnishing Company ynskjer å kjøpe Ekornes. Torsdag føremiddag vitja representantar frå det kinesiske selskapet fabrikklokala på Grodås.

Leiar og grunnleggar for selskapet, som truleg vil bli Ekornes sin nye eigar, fekk omvising i fabrikken av fabrikksjef Knut Ove Rygg. Zhao viste tydeleg interesse for både produkta og det som gjekk føre seg i lokala.

Vil verdsette Ekornes til 5,1 milliardar kroner

Qumei har gitt tilbod om 139 kroner per aksje og med det verdsett Ekornes til 5,1 milliardar kroner. Eit krav frå det kinesiske selskapet er at dei får kjøpe minst 55,57 prosent av aksjane. Tilbodet frå Qumei kjem etter at partane har hatt dialog i over eitt år. Av pressemeldinga går det fram at aksjonærar som representerer 25,65 prosent av Ekornes sin aksjekapital pr. i dag har akseptert tilbodet.

Vil vidareføre i Norge

Ved ei eventuell overtaking skal Ekornes halde fram med drift i Norge med hovudkontor i Sykkylven.

– Den kinesiske møbelmarknaden er i sterk vekst. Eit sal vil opne den kinesiske marknaden for Ekornes og vi har stor tru på vekst, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes.

Han peikar på at Qumeis digitale innsikt vil styrke Ekornes og gjere selskapet til ein betre samarbeidspartnar for distributørar og butikkar også i andre marknader.

– Vi meiner dette vil resultere i auka sal og auka produksjon ved våre fabrikkar i Norge og utanlands, seier Holst-Dyrnes.

Dei tilsette ved Ekornes på Grodås seier dei er positive til eit eventuelt sal.

– Internasjonal vekst

Qumei har 850 utsalsstader i Kina, og planlegg å opne 500 butikkar og 1.500-2.000 «shop-in-shops» dei neste fem åra. Zhao sjølv seier bodprosessen er første steg for internasjonal vekst.

– Vi legg stor vekt på å vidareføre Ekornes sin kultur og samarbeidet med dei tilsette, og vi har ikkje tru på å flytte produksjon av internasjonale merkevarer til Kina, stadfestar Zhao.

– Vi vil bidra til å utvikle Ekornes vidare gjennom å dele vår kunnskap og kompetanse innan digital marknadsføring og forbrukarinnsikt, seier Zhao.

Om det blir sal eller ikkje er opp til dei resterande aksjonærane i Ekornes.

– 25 prosent har alt sagt ja. Vi vil truleg ha eit svar på dette i slutten av juli, seier Holst-Dyrnes.