Tidlegare i vår hadde Fjordingen ein reportasje der yrkessjåfør Martinus Vik fortalde om si mareritt-oppleving ved cruiseterminalen i Olden i juli fjor, der to turistar hamna framfor og under lastebilen hans. Til alt hell kom dei frå det med berre skrekken.

Vik tok til orde for at det vart gjort grep for å i større grad styre folkestraumen mot fotgjengarfelt og gangveg. Han føreslo gjerder mellom dei to avkøyrslene på kaia som eit enkelt og konkret tiltak.

Cruisesesongen er godt i gang, men ingenting er gjort så langt. Vik sende oss denne veka eit bilde som illustrerer den uoversiktlege situasjonen som framleis rår ved kaia, både for dei gåande og køyrande. Vi spurte direktør i Nordfjord Havn, Kjell Fagna, korleis dei tenkjer om situasjonen.

- Det er ei trafikksikring Statens vegvesen er eigar av. Det betyrikkje at vi er uenig med yrkessjåføren, men at Nordfjord Havn ikkjekan føreta denne sikringa mot vegen. Nordfjord Havn meiner det ogsåbør sjåast på fleire tiltak som fartsdempere, nedsett hastigheit ogom muleg eit mellombels trafikklys i turistsesongen. Dette er nokovi vil ta opp med Stryn kommune for saman kunne finne ei betretrafikkavvikling i samband med cruisesesongen, seier Fagna.