No er det klart for ei ny runde med Sommarles på Stryn Bibliotek.

Frå 1. juni til 31. august er det tid for ny lesekampanje hos Stryn Bibliotek.

– I år har vi fått nye spennande verkemiddel og håpar at fleire tar turen til biblioteket, fortel Kristin Hatledal, som er biblioteksjef.

Spente

Dei tilsette ved Stryn Bibliotek er spente på om deltakartalet går opp etter at dei har fått denne forandringa. Dei har vore rundt på skular og snakka om det nye prosjektet og tilbakemeldingane dei har fått så langt er positive.

Stryn Bibliotek har arrangert lokal Sommarles i mange år og dei hadde 68 deltakarar som hadde lest 138.843 sider, men trur dei klarar meir i år. Nesten alle kommunane i Nordfjord deltek i denne nye kampanjen, utanom Selje.

Stor suksess i fleire år

Stryn Bibliotek har hatt lokal Sommarles i fleire år, men no skal dei vere med på ein nasjonal lesekampanje som i fjor hadde 300 kommunar og 60.000 barn over heile Norge involvert. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese mykje, jamt over heile sommaren. Den kombinerer data, noko som mange unge har stor interesse for, og lesing. Kampanjen har vore ein stor suksess i fleire år og ein kan tydeleg sjå at den aukar leselysta hos barn.

Lagar eigen profil

Barna lagar seg ein profil på nettsida sommarles.no, registrerer bøker undervegs, løyser oppgåver, får digitale trofé og kan hente premiar undervegs på biblioteket.

– For mange barn er det kjekkare å registrere bøkene på data enn på papir, seier Kristin Hatledal. På nettsida kan ein få lesetips og skrive og lese gode bokmeldingar. Ein får og tilgang til å lese ei historie som er skrive spesielt for Sommarles. Historia spelar seg rundt Asbjørn og Astrid, to vikingar som er i verdsrommet.

1. til 7.klasse

Alle barn frå 1.-7. klasse kan delta og lesekampanjen varer frå 1. juni til 31. august.

Sommarles er utvikla av Vestfoldbiblioteka, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. I år blir Sommarles leidd av Telemark og Finnmark sine fylkesbibliotek. Sjølv om Stryn Bibliotek er med på ein nasjonal kampanje i år bli det framleis sommarlesfest på Stryn Bibliotek i slutten av sommaren.