Fylkesmannen har onsdag sendt ut varsel om fare for svært kraftige vindkast torsdag, i tillegg til regn.

Varselet som er vidaresendt frå Meteorologisk Institutt, er som følgjer:

Torsdag er det venta kraftig vind fråsør med svært kraftige vindkast på 25-35 m/s. Torsdag ettermiddagog kveld er vinden venta å dreie på vest, og den vil minke natt tilfredag. Den kraftigaste vinden vil vere i fjellområda og på kystenved Stad. Elles i fylket vil det lokalt kunne vere svært kraftigevindkast. Det er venta regn, seinare regnbyer. Lokalt kan det vertemykje nedbør. På grunn av den langvarige tørka kan nedbøren førestørre utfordringar med overvatn enn vanleg.

Meteorolog Kristin Seter seier til NRK at den sørvestlege retninga inneber at vinden går over fjella og at vindkasta vil treffe lenger innover i landet enn til vanleg.

Det gjer og at den kraftigaste vinden vil vere i fjellområdene, samt på kysten ved Stad.

– Kastevindane er deisom kan gjøre mest skade.

Folk må være forsiktige og ikkje legge ut på båttur eller fjelltur. Fjern lause gjenstandar, fest trampolina og tenk over om du bør ta inn hagemøblane. Tenk som du ville gjort om det var ein hauststorm på veg, seier Seter til NRK.