Både små og store hadde møtt fram for å feire opninga av tenderkaia i Olden tysdag. Med song, hornmusikk og kake til alle vart den nye kaia ønskt velkomen som eit kjærkome tilbod.

– Med den nye tenderkaia kan det takast i land turistar frå fleire skip på ein gong til tre forskjellige stadar, to i Olden pluss at vi har mogelegheiter til å ta inn gjester til tenderkaia i Loen, seier driftsleiar for Nordfjord Havn, Sølve Oldeide.

– Talet på turistar som kjem til Olden kjem til å auke i åra framover. Vi skal ikkje ta imot for mange, men vi skal heve standarden på opplevinga dei har når dei kjem til denne fantastisk vakre plassen, sa ordførar og fungerande havnerådsleiar Sven Flo i si opningstale til alle dei frammøtte under opninga i Olden.

Nærare 6.000

Totalt kom det nærare 6.000 turistar til Olden denne dagen.

Til kai ved Mølla låg giganten MSC Preziosa. Passasjerane gjekk i land på kaia til ventande bussar og tog på vanleg måte, eller tok rusleturen inn til sentrum eller ut langs Muristranda som vanleg.

Lenger ute på bukta låg Costa Mediterranea. Her gjekk det tenderbåtar i skytteltrafikk inn til den nye kaia på Myklebusttomta, nærare sentrum. Her tok dei begeistra del i opninga av kaia, eller fann fram til ein av dei mange bussane som stod oppstilte på parkeringsplassen ved kaia.

– 1.000 av våre passasjerar har førehandsbestilt utflukt. Det er nær halvparten av alle passasjerane om bord, fortalde Miriam Iaconelli, passasjeransvarleg om bord.

– Ikkje for folksamt

Dei resterande passasjerane valde å rusle på vegen langs bukta den korte stubben inn til Olden sentrum.

– Veldig bra, sa Fulya Simsek frå Torquay, ein av passasjerane frå Costa Mediterranea, til Fjordingen.

– Vert det ikkje vel folksamt når passasjerar frå to skip skal i land på ein gong?– Nei, absolutt ikkje. Dette fungerte fint.

Treng publikumstoalett

Det er enno litt att før området er heilt ferdig, mellom anna skal bussoppstillingsplassen asfalterast. Ei av dei sentrale problemstillingane er publikumstoalett.

– Dette er ei sak det vert arbeidd med. Det er klart at vi må finne ei løysing på dette, seier Sven Flo.