Fylkestinget gjekk dermed inn for Samferdsleutvalet si tilråding om å bygge den nye brua på fv 60 gjennom Utvik sentrum utan fortau. Dette var i tråd med fylkesrådmannen si tilråding.

Jon Olav Kvamme (KrF) frå Oldedalen tok frå talarstolen til orde for at brua i Utvik må utstyrast med fortau.

– Det er mange som no ser fram til at Storelva bru i Utvik vert bygt oppatt etter flaumen. KrF meiner det vil vere lite framtidsretta å byggje ny bru utan gang- og sykkelveg. Prisen vert langt høgare om ein må ta det att seinare, sa Kvamme, og viste til avsnittet om konsekvensar for trafikktryggleik i saksutgreiinga, der det står:

«Fv 60 gjennom Utvik sentrum er svært trafikkert, spesielt i sommarhalvåret. Det opplevast som utrygt å gå eller sykle langs strekninga sjølv om avstandane er små. Med fortau vil ein binde saman sentrum med omland i aust på ein trygg måte».

– Så er det problematisert at det ikkje er gangveg på strekningane på begge sider av brua, og at det fort vil kome krav om det. Kravet no er at bruløysinga som no blir valt, legg til rette for at det ein gong i framtida kan byggjast gangveg på heile strekka. Vi må byggje for framtida, og ta hensyn til dei mjuke trafikantane, sa Kvamme, som altså gjorde framlegg om bygging av brua med fortau på ei side.

Dette fall med KrF sine eigne stemmer og støtte frå Frp, MDG og ei stemme frå H (Sonja Øvre-Flo). Fylkestinget vedtok i staden bygging av bru utan fortau. I saksutgreiinga vert det vist til kostnadsoverslag der bru med fortau er stipulert til 54,41 mi ll. kr, medan bru utan fortau er stipulert til 48,39 mill. kr.

–Fylkesrådmannen er k lar over at fv. 60 gjennom Utvik er svært trafikkert, spesielt i sommarhalvåret, og at det kan opplevast som utrygt å gå eller sykle langs strekninga, men gangveg over brua utan gang – og sykkelveg på tilstøytande veg løyser ikkje denne utfordringa, heiter det i tilrådinga frå fylkesrådmannen.

Fylkestinget oppmodar Statens vegvesen i det vidare planleggingsarbeidet om å finne løysingar for å redusere kostnadane for brua.

– Å byggje brua utan fortau er ikkje framtidsretta. Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)