I tillegg til deltakarar frå arrangørklubben var også utøvarar frå Fana Karateklubb og Askøy Karateklubb med på treningssamlinga, som vart avslutta med gradering på søndag.

– Vi hadde om lag 60 deltakarar i alderen seks til over 60 år, seier Sissel Johannessen i Loen Karateklubb.

Ivrige Dei 60 deltakarane på karatesamlinga viste iver og læringsvilje. Foto: Roger Oldeide

Tre utøvarar frå den lokale klubben fekk brunt belte på treningssamlinga. Det var også graderingar til oransje og blått belte.

Karate i Loen sidan 2016

Karateklubben i Loen såg dagens lys i januar 2016, og klubben har i dag 36 medlemar. I tillegg til treningar i eigen klubb har initiativtakar Sissel Johannessen teke med seg utøvarar på andre samlingar og tilstellingar.

konsentrasjon: Full konsentrasjon på treningssamlinga i Strynehallen. Foto: Roger Oldeide

– Nokre var med og såg på norgesmeisterskapet i karate i mars då det vart arrangert i Bergen, seier Johannessen. Ho fortel også at det blir ny Bergenstur i slutten av oktober:

– Då blir det treningssamling i lag med andre klubbar, mellom anna frå England.

Samling: Loen Karateklubb var arrangør då Fana Karateklubb og Askøy Karateklubb kom på besøk til treningssamling i Strynehallen. Foto: Loen karateklubb