Bilføraren vart sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse etter ei utforkøyring på fv 60 mellom Innvik og Utvik fredag ettermiddag.

Politibetjent Eirik Krossen opplyser til Fjordingen at bilen har kome over i motsett køyrefelt og kollidert i ein bergnabb på venstre side av vegen. Utforkøyringa skjedde i 60-sona og bilen var på veg retning Utvik.

- Bilen har store skader i fronten og må reknast som totalvrak. Føraren som var åleine i bilen hadde tilsynelatande ikkje alvorlege skader, men er sendt til sjukehuset i Førde, opplyser Krossen.