Stryn idrettsråd (SIR) stiller seg bak Ungdomsrådet i Stryn og elevar ved vidaregåande skule som ikkje ønskjer eit blålysbygg på ein del av grøntområdet like ved skulen.

Det skriv leiar i Stryn idrettsråd, Gunnar Harstad, i eit brev til Stryn kommune.

«Kor mange fri-/grøntområde til uorganisert (og organisert) leik, spel, fysisk aktivitet, rekreasjon er der igjen i sentrum? Området/arealet ligg nær ved både den vidaregåande skulen, Tonning skule, Strynehallen og Stryn stadion. Det skurrar kraftig i øyra til styremedlemmane i SIR at kommunen har tankar om å ta vekk uteareal for elevane ved Stryn vidaregåande skule», skriv mellom anna Harstad, som også stiller spørsmål om kva for eit uromoment hylande sirener rundt skulebygningane vil medføre i undervisninga.