I Sogn og i Hardanger kan du allereie vere for seint ute med å finn ein stad å bu. Både hotell, campingplassar og andre bedrifter som leiger ut til turistar melder om det same, ifølgje NRK.

– I enkelte område er det heilt fullt. Men utanfor dei største ikonområda våre er det framleis tilgjengeleg overnatting, seier administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge til kanalen.

Sosiale medium og internett er forklaringa på den kraftige auken i talet på utanlandske turistar i vest. Flotte bilete spreier seg raskt i sosiale medium og bestillinga av overnatting og opplevingar kan enkelt gjerast over nettet.

– Vi ser resultatet av god marknadsføring gjennom fleire år. Og ikkje minst er krona framleis veldig svak, forklarar Jørgensen. Han ser fram mot ein ny, god rekordsommar for turistbedriftene på Vestlandet.

(©NPK)