Her i landet har vi 18 vegar med status som nasjonale turistvegar. Men mange andre strekningar er også verdt ein omveg, meiner KNA.

– Kartet samlar dei kjente og mindre kjente vegane i dei naturskjønne områda. Her finn ein alternative ruter til riksvegane. Dei hemmelege turistvegane tar for seg både enkeltstrekningar og område med vegar som har noko ekstra å by på, seier generalsekretær Børre Skiaker i KNA i ei pressemelding.

Utanlandske bilorganisasjonar har vist interesser for kartet. I år får til dømes nederlendarar tilgang til kartet gjennom turist- og bilistorganisasjonen ANWB.

– Det er veldig hyggeleg at vi i år kan presentere kartet i ein nederlandsk versjon. Ved å gjere Norske turistvegar meir tilgjengeleg for utlendingar, trur vi dei får ei flottare oppleving, tar fleire bilete og marknadsfører Norge. Det kan bidra til at fleire turistar legg bilferien til Norge, seier Skiaker.

KNA har valt å publisere vegkartet som eit tradisjonelt kart på papir. Dei meiner det gir betre oversikt, samtidig som det er lettare å planleggje turar ved hjelp av papirkart.

(©NPK)