Fjordane Luftsportsklubb er den lokale klubben for hang-, para- og speedgliding. Klubben tilhøyrer hang-, para- og speedgliderseksjonen i Norges Luftsportforbund.

– Klubben regulerer startstadar og landingsområde for våre aktivitetar og medverkar til at lokal regulering ivaretek sikkerheita både for utøvarar og tredjeperson, seier Arne Jan Kleiven, fagleg leiar i Fjordane Luftsportsklubb.

Han deltek i samarbeidsgruppa med bakgrunn i si rolle som fagleg leiar i luftsportsklubben.

– Dette for å medverke til at reguleringa av staden er i samsvar med regelverket som gjeld for våre luftsportsaktivitetar, seier han.

– Som Lasse Trosdahl frå politiet seier er målet å førebyggje skadar og hendingar. Det har vore ein veldig god og kontruktiv dialog mellom dei ulike partane gjennom heile plan- og tilretteleggingsprosessen, seier Kleiven.

Hjarteleg velkomen i kommunen

Ordførar Sven Flo har også vore med i samarbeidsmøta. Han er tydeleg på at luftsportsaktiviteten er hjarteleg velkomen i kommunen.

– Kommunen er sjølvsagt involvert i dette gjennom brannetaten. Men vi er også ein av dei tre største eigarane av Loen Skylift, og såleis også på eigarsida ein naturleg part i arbeidet omkring å gjere luftsportsaktivitetane på Hoven sikrare, seier Sven Flo.

– Men eg vil gjerne gjerne understreke at kommunen er veldig klare på at vi ønskjer denne aktiviteten hjarteleg velkomen.

Sjå video: Basehopping i Stryn

Dette var Flo også svært tydeleg på under møtet med utøvarar og andre aktørar på Hoven sist veke.

– Men denne stadig aukande aktiviteten krev sjølvsagt at ting går seg til. Difor er det eit viktig initiativ som er teke for å få til eit samarbeid av førebyggande art. For å samsnakke, finne fram til retningslinjer, strategiar og rutiner, og for å unngå dei store hendingane, seier Flo.

Sven Flo på Hoven: - Luftsportsaktiviteten er hjarteleg velkomen i kommunen, og vi ønskjer at det blir bygd opp eit stort miljø. Samstundes krev den stadig aukande aktiviteten at ting går seg til, og ikkje minst at dette fungerer for dei som bur i bygda. Foto: Gunnhild Sindre

Han legg til at det også er svært viktig at luftsportsaktiviteten vert organisert slik at han ikkje vert til sjenanse for fastbuande i Loen.

– Vi er nøydde til å sørge for at dette fungerer i høve til dei som bur i bygda, at det ikkje vert konflikter i høve til bygdefolket, seier han.

Flo har stor tru på at samarbeidsprosjektet skal lukkast i å finne slike løysingar.

– Eg trur vi skal få det til å fungere, og eg meiner denne aktiviteten er svært verdifull for Stryn kommune, var Flo si klare melding til utøvarane som deltok på samarbeidsmøtet i Loen.

– Vi ønskjer at de skal bygge opp eit stort og godt miljø her!