– Dette er viktig for at luftsportsaktiviteten på Hoven skal fungere for alle partar, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl frå politiet i Stryn, som ikkje legg skjul på at det verste scenariet er om tredjeperson skal kome til skade.

– Målet med desse samarbeidsmøta er å gjere førebyggande arbeid for å unngå ulukker, og samstundes å vere godt førebudde dersom, eller når, noko skjer. Vi må ha gjort forarbeidet og oppretta samarbeidslinjer, seier Trosdahl.

Han rosar miljøet for vilje til å samarbeide om retningslinjer, rutiner og sikkerheit.

– Ingen ønskjer at vi skal kome dit at vi må setje ned foten og seie vi ikkje kan ha luftsportsaktivitet her. Difor er det viktig med dette førebyggjande arbeidet, seier Trosdahl.

Her kastarTom Erik Heimen seg ut frå basehopparane sin faste utspringsplass nedanfor taket på Hoven Restaurant. Her vil det truleg kome opp fareskilt/varselskilt for publikum. Foto: Gunnhild Sindre