Fjordingen presenterte før helga dei åtte vegnamna som er føreslått endra. Dette som følgje av samanslåinga med Volda, og at det er fleire vegnamn som er like, eller så like, i dei to kommunane at namneendring blir vurdert som naudsynt.

Framlegga til namneendringar har lege ute til høyring på kommunen si nettside i perioden 23.april-23.mai. Det kom inn éin merknad innan fristen og éin merknad etter at denne var ute. Merknadane gjaldt tidlegare Lidavegen og Lønnsvegen. Begge innspela vart lytta til av Utviklingsutvalet, då dei handsama saka sist veke, og ein vedtok Liskogvegen og Lødøen i staden for tilrådde Åresvora og Furdansvegen.

Det har sidan då kome inn tre nye merknader. Det gjeld Beitevegen og Haugen, som er føreslått endra til Hogageilane, og Nygardsvegen som er føreslått endra til Knutsdalsvegen. Alle påklagarane meiner at informasjonen rundt høyringa har vore mangelfull, og ber om at innspela blir teke med i vurderinga, trass at dei kjem etter fristen. Det kjem også fram i sakspapira at kommunen tek sjølvkritikk for dette.

– Administrasjonen kan ta kritikk for at det ikkje vart annonsert i avisene. Kvar einskild adressat langs dei aktuelle vegane vart heller ikkje tilskrive.

Konsekvensar for eksportbedrift

Anne-Mari Tomasgard har saman med ektemannen og dottera klaga på Hogageilane.

– Hogageilane er eit dårleg namn av fleire grunnar. Det er ein konstruksjon, som ikkje har historisk forankring i området, skriv dei mellom anna. Dei slår eit slag for noverande Beitevegen og Ytre Haugen.

Sistnemnde er også Oscar Haugen, gjennom verksemda GRS, heilt samd i. Han argumenterer først og fremst med bakgrunn i vanskane ei ny adresse vil skape for bedrifta.

– Eg ber kommunen revurdere dette, då det vil få konsekvensar for oss som eksportbedrift. Alle våre eksport- og importtillatelser, samt sendingar frå ulike internasjonale leverandørar og alt av marknadsmateriell vi brukar må oppdaterast til ei gateadresse som har svært vanskeleg uttale, skriv Haugen i sitt brev.

Når det gjeld Nygardsvegen syner påklagarane til den historiske forankringa av namnet og meiner også at Knutsdalsvegen blir misvisande, sidan dette viser til ein seterveg utan fast busetnad.