Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) har løyvd 30.000 kroner til Stryn kommune, og deira klarspråk-prosjekt.

– Vi gler oss over tildelinga, seier Anna Bringsvor Egedahl i Stryn kommune.

Dette prosjektet går ut på at dei tilsette i kommunen skal bruke eit klarare språk når dei kommuniserer med publikum, anten det skjer gjennom brev, saksbehandling, innlegg på Facebook og så vidare. Dette skal gjere at alle forstår kva kommunen formidlar.

Med eit klart språk meinar ein eit språk der mottakarane finn det dei treng, forstår det dei finn og kan bruke det dei finn til det dei skal gjere. Kort sagt, så skal det som står der vere forståeleg.

Arbeidet som skal gå føre seg i Stryn kommune vil starte opp til hausten, mellom anna med skrivekurs, og vil halde fram det neste halve året.

– Målet er at alle tilsette i Stryn kommune, og spesielt saksbehandlarar og leiarar skal gå gjennom sine tekstar og bruke eit klart språk i all kommunikasjon med publikum, heiter det i søknaden.