Kroatiske Igor Dokmanovic tek over Stryn sitt 3. divisjonslag i handball for damer.

– Dokmanovic har dei to siste sesongane vore trenar for dame- og herrelaget til Bergsøy, fortel Eli Kroken i Stryn handball. Kroaten har signert ein eittårsavtale med Stryn som vart nummer fire i divisjonen førre sesong.

Mykje nytt

Den nye trenaren må truleg bygge eit nytt, ungt lag då fleire av spelarane som utgjorde stammen i laget førre sesong no flytter grunna skulegang.

– Ja, det blir nok mykje nytt komande sesong. Vi er i dialog med ein norsk spelar, og vi sjekkar også opp litt i Kroatia, seier Eli Kroken.

Stryn serieopnar heime mot NHHI 16.september.