– Aktiviteten med sommaropne kyrkjer har vi hatt lenge, men då kyrkjetenaren, som hadde gjort dette åleine i mange år - mot litt godtgjersle, slutta, ville vi prøve å finne ei dugnadsordning som ikkje var for belastande, fortel sekretær i soknerådet, Einar Åbrekk.

Då han tok ringerunden før sommaren i fjor fekk han nesten berre «ja», og 17 personar tok si tørn. I år er talet 18.

– Det er mange pensjonistar, men også yrkesaktive nedover i alder. Vi er ni kvinner og ni menn, fortel Åbrekk.

Lang historie: Gamlekyrkja er frå 1759, men då Obin Aabrekk deltok på restaureringsarbeid på 70-talet fann ein at det hadde stått ei stavkyrkje der tidlegare.

– Godt tilbod

Ein av dei som var med i fjor, og som stiller på att i år, er Obin Aabrekk.

– Eg tykkjer dette er eit godt tilbod. Eg tenkjer sjølv korleis det er når ein er ute og reiser, og det berre er ope til heilt spesielle tider, seier Aabrekk. Han meiner ei veke med ansvar for å opne og stenge dei to kyrkjene, syte for påfyll av brosjyrer og litt enkel rydding er høgst overkomeleg, sjølv om ein kan ha det hektisk sommarstid.

– Og det er alltid nokon som kan steppe inn visst det skulle vere behov for hjelp til å få låst ein ettermiddag, seier han.

Cruiseturistane utgjer den store gruppa som nyttar seg av tilbodet. Einar Åbrekk fortel at ordninga er godt motteke i turistnæringa, og at dei prøver å vere mest muleg fleksible for å imøtekome behovet der.

Olden kyrkje: Også Olden kyrkje står open om sommaren. Den er bygd i 1934.

– Opplegget er at vi skal opne til klokka 10 og ikkje stenge att før tidlegast klokka 17. Men ein kan gjerne opne tidlegare om det passar vakta betre. Vi har ein veldig god dialog med reiselivsnæringa, og visst dei ønskjer at vi skal utsetje låsinga av kyrkjene så høyrer eg med dei som har vakta, og det brukar ordne seg, fortel han.

Gir litt inntekt

Å ha opne kyrkjer er først og fremst ein service i ei turistbygd, men litt kastar det også av seg økonomisk.

– Vi har nokre brosjyrer som ein kan kjøpe til 50 kroner stykke. Det varierer veldig. Vi kan ha mykje folk innom men nesten ingen pengar, andre tide kan det ligge att ein 100-dollarseddel, fortel Åbrekk. I fjor synte gjesteboka omlag 2.000 besøkjande og soknerådet sat att med omlag 25.000 kroner.

Tillit: Einar Åbrekk fortel at opne kyrkjer baserer seg på tillit. Det er ikkje noko vakthald, og dei besøkjande betalar for infobrosjyrene etter eige ønskje.

– Vi har ei flott ordning med Bunnpris. Dei som har vakt leverer inn pengar og nøklar der. På den måten går ordninga i stor grad av seg sjølv, forklarar soknerådssekretæren.

I tillegg til Olden er det óg sommaropne kyrkjer i Nedstryn, Loen, Utvik og Hornindal.