På landsbasis er delen som lyttar til lokalradio no 14 prosent.

– Lyttarauken viser at lokalradio er ein viktig bidragsytar til mediemangfaldet, seier direktør i Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Samtidig som lyttartala held fram med å auke for lokalradio, er radiolyttinga også i ferd med å ta seg opp att for dei riksdekkjande kanalane i fylka der det digitale radioskiftet først blei gjennomført. Veksten i den totale radiolyttinga er størst i fylka på Vestlandet og Sørlandet, der delen som fortel at dei høyrer på radio har auka frå 55,5 prosent til 60,5 prosent det siste kvartalet.

Medietilsynet meiner at radiolyttinga etter kvart vil stabilisere seg.

– Fallet i den totale radiolyttinga som vi såg rett etter radioskiftet, er no i ferd med å flata ut i tråd med det som var venta. Det kan sjå ut som om radiolyttarane har begynt å venda tilbake i dei fylka som gjennomførte radioskiftet først, seier Velsand. (©NPK)