Prisane på dei nye tomtene på Rake (trinn 2) vart avgjort under kommunestyret tysdag. Følgande tilråding vart handsama;

1: Grunnprisen for tomtene i bustadfelt Rake trinn 2, vert fastsett til kr 28 pr. kvm

2: Tillegg for auka kostnad med opparbeiding av feltet vert å innarbeide for å oppnå målsetjing om sjølvkost.

Kommunalsjef Jan Flore orienterte om behovet for å prisjustere tomtene for å oppnå sjølvkost.

– Totalt utgjer ekstrakostnadane kr 183.000. Det utgjer 13.000 pr. tomt, sa Flore.

Jan Træen (Ap) foreslo at ekstrakostnadane vert fordelt likt på dei 14 tomtene, men framlegget fall med tre røyster.

Ordførar Sven Flo (H) meinte kostnadane må fordelast etter fordelingsnøkkelen og la til eit ekstra punkt som presiserer at tildeling av tomt skjer etter gjeldande kriterium ved loddtrekning ved to eller fleire interessentar.

Ein har altså ikkje førsterett på ei tomt fordi ein er frå Stryn kommune, noko som vart diskutert.

Forslaget vart vedtatt.

Torsdag vart tomtene lagt ut på Stryn kommune sine heimesider