Situasjonen skal ikkje lenger vere kritisk for den mest alvorleg skadde frå ulukka på Staveneset tidlegare i juni.

- Alle dei belgiske statsborgarane som vart skadde i ulukka er no utskrivne frå norske sjukehus og overført til sjukehus i Belgia, opplyser innsatsleiar under ulukka, politibetjent Vidar Stavik ved politiet i Stryn.

I kollisjonen mellom ein minibuss og ein turistbuss på Loen-sida av Stavenestunnelen vart fleire personar kritisk eller alvorleg skadde. Personane i minibussen var belgiske turistar, tre av dei var rapportert å vere kritisk skadde etter ulukka.

Seinare opplyste Haukeland universitetssykehus at den eine av dei, ei kvinne i 70-åra, framleis var kritisk skadd, medan tilstanden var endra til alvorleg skadd for dei to andre som var innlagde der. Dei skal no vere overførte til sjukehus i heimlandet, og ska ha blitt sende heim til Belgia med legeassistanse.