Fred Syversen har fått si ultimate leikegrind i Stryn, og den ski- og friluftsglade austlendingen legg også ned ein stor jobb for at andre skal oppdage dei mange mulegheitene som ligg i området. Blant anna har han etablert ei rekkje festivalar med utgangspunkt i Folven camping, der aktivitetar som ski, sykkel, padling og klatring står sentralt.

Dei siste par månadane har også Syversen figurert i ein reklamefilm for Nordfjord som har gått sin sigersgang i sosiale media. Filmen spelar på ei hending som fann stad for ti år sidan, då Syversen under innspelinga av ein frikøyringsfilm i Alpane vart verdskjent for eit skihopp ein til dags dato ikkje har sett maken til. Han feilrekna, køyrde utfor eit stup på 107 meter og kom frå hendinga på mirakuløst vis, med berre nokre få skrammer. Hoppet vert framleis rekna som «verdas høgste dropp på ski».

I fjor gav reisemålselskapet, Visit Nordfjord, Syversen ei litt anna utfordring: Å gjennomføre 107 augneblikk (moments) i Nordfjord, eitt per meter. Filmen har som føremål å setje Nordfjord på kartet og skape reiselyst for turistar i inn- og utland.

Opplevingar også for ganen: I tillegg til naturopplevingane er det også plass for dei kulinariske. Her er det sjølvplukka eple hos Jakob Hammer i Randabygda som står på menyen.

– Unikt mangfald

Vi spurde Syversen om han kan trekkje fram nokre av augneblikka frå indre Nordfjord som han særleg vil anbefale.

– Sommarski er klart ein favoritt og syklinga nummer to. Det er veldig mange fine stiar i dalane, som Erdal, Napen, ved Stryn vinterski og Gryta, seier Syversen. Han trekk også fram Loen Skylift, både byggverket i seg sjølv og det flotte utgangspunktet Hoven er for turar. Også det maritime begeistrar den elles fjellglade frikøyraren.

Loen Skylift: Fred Syversen saman med den lokale basehopparen Even Flo, på fjellet Hoven (1.010 m.o.h.). I bakgrunnen ser vi Loen og Lovatnet. Tre nedste

– Å bade i Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, er å anbefale. Å vere på båt på fjorden er også ein favoritt, smiler han. – Det er mykje å finne på viss ein berre søkjer litt.

Hornindalsvatnet: Indre Nordfjord har både vatn og fjord for dei som likar padle.

Reisevande Syversen meiner Nordfjord representerer noko unikt i verdssamanheng.

– Det som imponerer mest er naturen i seg sjølv med mangfaldet. Brear, elvar, fjordar, bekkar, fjell og fossefall. Her har ein alt knekt saman på ein stad. Det er ikkje mange stader rundt i verda ein finn det. Og så ligg det ganske sentralt med flyplassar nærme unna, seier Syversen. Han merker også at Stryn har eit namn der ute.

– Mange spør om sommerskien. Det er lurt å ta vare på den, for det er ein god merkevare, seier Fred «hundreogsyversen».

Vil du lese fleire saker frå årets sommaravis kan du følgje denne lenka. Her ligg heile avisa i elektronisk utgåve.