Skikkeleg stang ut

For gjestene: Tanel Melts sette inn to av Stryn sine mål.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Kaupanger-Stryn 5-3

Uttrykket «stang ut» har vel neppe passa neppe passa bedre enn etter Stryn sin kamp mot Kaupanger i kretsligaen fredag. Ikkje mindre enn fire gonger small det i aluminiumen bak heimelaget sin keeper.

Trass i ein jamspelt 1.omgang scora Kaupanger på alt og leia 3-0 til pause. Det næraste Stryn kom var ei avslutning i stolpen.

– Vi hevar oss etter kvilen og får kjapt utlikna til 3-3. Vi styrer det meste og har tre avslutningar i stolpen. Ein feil i forsvar fører til 3-4. Vi held fram med å produsere sjansar men får ein til imot. Frustrerande, seier trenar Geir Inge Rake etter den siste kampen i vårsesongen. Tanel Melts (2) og Mathias Garlid sette inn Stryn sine mål.

.