Ingrid Breilid Gimse debuterer komande søndag som prest i Nordsida kyrkje. Ho glegruar seg, men ser også fram til til si første gudsteneste. Gjennom studiane har Ingrid hatt fleire praksisperiodar med ulike utfordringar, men ikkje med alt ansvar.

– Eg har vore i praksis saman med andre, men aldri stått aleine framføre ein kyrkjelyd, smiler presten.

Snart ferdig prest

Neste sommar er Ingrid ferdig ved det Teoligiske menighetsfakultetet (MF) og kan ta på seg alle oppgåver som høyrer til prestegjerninga. Før dette studiet var ho innom den teologiske høgskulen Ansgar og gjekk tre år på Misjonshøgskulen VID. I tillegg har den unge vikarpresten studert statsvitskap og meiner dette studiet var viktig for samfunnsbevisstheit. I praksisperiodane ved Misjonshøgskulen VID har Ingrid hatt teneste i Stavanger domkirke, delteke i misjonspraksis med å hjelpe menneske i Tallin, og vore ein periode i Kristiansand fengsel. Ho grudde seg litt i framkant av fengselsoppgåva, men opplevinga vart udelt positiv.

– I fengselet møtte eg menneske utan masker. Dei var ærlege. Eg kjende meg trygg der og det var ikkje ubehageleg, fortel Ingrid. Ho seier mange erkjende at dei hadde ei barnetru men hadde sine tvil. Dei innsette gav uttrykk av at dei sette pris på samtalene med prestestudenten.

Tru og tvil

– Tru og tvil heng saman. Eg er takksam for barnetrua eg fekk i barndommen og for tvilen eg fekk i ungdomsåra. Tvilen gjer at ein stiller kritiske spørsmål. Eg er takksam for å ha kjend til krise angåande trua på Gud, fortel Ingrid.

Ho var allereie som barn oppteken av gudstru og teologi, og «alle» kring henne meinte at ho var som skapt til å bli prest. Det vart litt mykje for den unge jenta, så Ingrid jobba med å finne sin plass i livet. Å bli prest var slett ikkje sjølvsagt for henne. Medan ho var leiar av ungdomsrådet for Agder og Telemark bispedøme gjekk ho rundt og tenkte over kva retning livet skulle ta.

– Folk snakka om «kall», men det ordet verka stort og skummelt for meg, seier ho. Det som gjorde vegvalet enklare, vart nokre ord ho fekk i ein samtale med dåverande biskop i Agder og Telemark bispedøme, Olav Skjevesland. Han sa: «Er det ikkje kall nok at kyrkja treng prestar og du interesserer deg for teologi?»

Desse orda vart sitjande fast, og det gjorde godt at spørsmålet ikkje vart gjort til noko stort, men at biskopen gjorde dette til noko så daglegdags som prestejobb.

– I dag kan eg føreta dåp, gravferd og gjennomføre gudstenester, men ikkje vigslar som krev at ein er ordinert som prest, seier vikarpresten, og forklarar at dette med vigsel heng saman med ei juridisk ordning om kyrkjelege seremoniar. Sjølv trur Ingrid at ho nok vil ha medkjensle med pårørande i høve ei gravferd, men er klar til å gjere det ho kan for at avskjeden med eit kjært familiemedlem vert så god som mogeleg. Ho trur også at det vil vere sterkt å oppleve den første dåpen, og at det truleg vil hente fram spesielle kjensler.

Også rockeprest

Vikarpresten i indre Nordfjord er også invitert til å vere rockeprest på Malakoffestivalen på Eid i slutten av juli.

Malakoff rockefestival har festivalprest. Prost for Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, er på ein måte fadder til festivalen og har vore ein fast gjest på festivalområdet opp gjennom åra. No har prosten invitert Ingrid Breilid Gimse til å vere festivalprest på Malakoff i slutten av juli, og ho gler seg over invitasjonen.

Vere til stades

Oppgåva til rockepresten er å vere til stades dersom nokon har det vanskeleg og ynskjer ein å snakke med.

Ingrid vil oppleve så mykje som mogeleg medan ho er vikarprest for Stryn og Hornindal.

– Eg har fått eit turkart og vil nok få med meg så mykje eg kan. Området er jo som å vere i eit postkort, seier vikarpresten, og i juli får ho besøk av ektemannen Johan Mikal Breilid Gimse. Han er ferdig utdanna prest og har fått første, faste prestejobb i Oppegård.

Vil utforske Nordfjord

– Vi skal sjå oss rundt og utforske området. Kan hende kjem vi tilbake til Nordfjord som prestar ein dag, seier Ingrid, og meiner det alvorleg.

Nestryn kyrkje er ein av arbeidsstadane for Ingrid Breilid Gimse i Indre Nordfjord denne sommaren. Foto: Anne-Mari Aalberg