I juni er det 742 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 104 færreenn i juni i fjor og svarar til ein reduksjon på 12 prosent.

- Vihar ikkje hatt så få ledige på 10 år. Ein god arbeidsmarknad ogaktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak bidreg til det låge talet,seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Med eiarbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågastarbeidsløyse i landet. Nærast er Oppland med 1,4 prosent. Pålandsnivå er arbeidsløysa redusert med 15 prosent frå juni i fjor.Det er no 60.738 heilt ledige, tilsvarande 2,2 prosent.

- Vi serfleire teikn til at arbeidsmarknaden stadig utviklar seg positivt.Det blir færre nye ledige som melder seg hos NAV ogarbeidsinnvandrar som har vore utan jobb ein stund, kjem no iarbeid att. Ser vi litt framover, blir det største problemet trulegå skaffe nok arbeidskraft, seier Thorsnes.

Størst reduksjon i Flora

18 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysai juni. Størst reduksjon har Flora med 39 færre ledige enn på sametid i fjor. 12 av kommunane har ei arbeidsløyse på under 1,0prosent. Aller lågast er Aurland med berre 0,4 prosent. I den andreenden finn vi Selje med 3,7 prosent.

Størst reduksjon innan industri, bygg og anlegg

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innanindustri og innan bygg og anlegg, med høvesvis 29 og 28 færreledige enn i juni i fjor. I juni var det berre 33 heilt permittertei Sogn og Fjordane, 49 færre enn same månad i fjor. 22 av deipermitterte kjem frå industri, av dette 12 frå fiskeindustrien.

Størst nedgang i aldersgruppa 20-24 år

Det er nedgang iarbeidsløysa i alle aldersgrupper, sett bort frå dei under 20 år(det er få ledige i denne gruppa). Aldersgruppa 40-49 år har størstreduksjon med 22 prosent. Fleire ledige stillingar Det vartregistrert 476 nye ledige stillingar i juni, ein auke på 7 prosentfrå juni i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg ogindustriarbeid. Det er flest nye ledige stillingar innan helse,pleie og omsorg og innan bygg og anlegg.