Oppstryn Ungdomslag har gjort Ta sjansen til ein årleg tradisjon, denne gongen var det for åttande året. Og det er ikkje få dugnadstimar som ligg bak. Tårnet er eit imponerande byggverk i seg sjølv. No sett saman av element, slik at det går raskare å reise det enn første året, fortel arrangørane.

Utskytingsrampen vert vinsja til toppen, der farkostane vert plasserte og deltakarane får kome seg om bord trygt og greitt, før det ber utfor.

Og for den som skulle vere i tvil: Det krevst mot for å setje utfor her! «Unnarennet» er bratt og vatnet er kaldt. Og det er ikkje liten fart du treff vassflata med!

Medan nokre tydeleg hadde lagt vekta på å få til ein lynrask farkost, hadde andre også tenkt på estetikk og utstyr – her var det både innebygd farkost pryda med ballongar og speedbåt med pyroeffekter («jetmotor»).

Folk storkosa seg på Lund stadion og stranda nedanfor. I pausen mellom første og andre omgang i Ta sjansen var det ro-tevling, der Lukas Sørum Olsen kunne notere seg for bestetid.

Bygdekvinnelaget stilte med servering, og det var også andre aktivitetar for dei som ikkje stilte med eigen båt.

I Ta sjansen gjeld det å nå fram til pålen med bjølla og «plinge». Men underhaldningsverdien tel også høgt, så her er det råd å få pris også for dei som ikkje akkurat bevegar seg mot pålen med lynets hastigheit.

Og nokre nådde fram på bortimot rekordtid, medan andre måtte finne seg i at farkosten i grunnen gjekk meir vertikalt enn horisontalt. Nokre båtar såg ut til å ha kome frå møtet med vassflata utan ein bulk, andre måtte plukkast opp av vatnet stykkevis og delt. Men deltakarane, dei var like blide!

Desse fekk premie:

– Beste båt/show: Ingar Hjelle, «Black Beauty»

– Raskast tid båt: Daniel Mindresunde Guddal, «Daniel Racing»

– Fiaskopris båt: Sigve Skåre Mehren og Brage Skåre Hogrenning, «Rullevogna»

– Best tid roing: Lukas Sørum Olsen