Dei lærde stridast om nøyaktig når det vestnorske bispedømmet, seinare omdøypt til Bjørgvin bispedømme, vart grunnlagt. Det einaste ein veit er at det ifølgje sagaene skal ha skjedd i Olav Kyrres styringstid (1067-1093).

Han grunnla i si tid det første bispesetet på den vesle øya Selja i Sogn og Fjordane, og uansett kva år sjølve grunnlegginga skjedde, skal 950-årsdagen markerast i år.

Det trass i at bispedømmet hadde planar om å la vere, sidan det var ei omfattande markering av 500-årsdagen for reformasjonen i fjor.

– Vi tenkte i utgangspunktet å forbigå dette i stille, men det var eit sterkt ønske frå både seljeregionen og kyrkjefolk generelt at dette måtte markerast. I tillegg ønskte dronning Sonja å delta, seier kulturrådgjevar Ragna Sofie Grung Moe i Bjørgvin bispedømme til NTB.

Kor og gudsteneste

Dronninga deltok også på 900-årsmarkeringa i 1970, saman med kronprins Harald, som ho nett hadde forlova seg med, og kong Olav. Kongelege besøk betyr mykje for lokalbefolkninga i Selje, ifølgje ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

– Vi har tidlegare hatt gleda av å ha kronprinsparet på besøk i Hoddevika, og vi ser kor mykje det gjer for innbyggjarane og for folket rundt. Når dronninga kjem 8. juli, betyr det mykje for innbyggjarane i Selje og kommunen som heilskap, seier han til NRK.

Sjølve markeringa søndag startar med gudstenesta «Seljumannamessa» leidd av Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug. I tillegg medverkar biskop Herborg Finnset i i Nidaros, biskop Bernt Eidsvåg i Den katolske kyrkja og Bergen domkor.

Feiringa blir runda av med ein konsert med gospelkvartetten Drops, Anne Liv Kvernevik Hodne, Unni Bosnes Eltvik og Jon Inge Sigerland.

Inga mobildekning

Det største trekkplasteret er likevel dei benediktinske klosterruinane på Selja. Klosteret vart bygd på 1100-talet, truleg etter ordre frå Olav Kyrre. Han skal ha funne leivningane etter Noregs einaste kvinnelege helgen, Sunniva, og følgjesveinane hennar, «Seljemennene», på Selja.

– Det er eit spektakulært og vakkert klosteranlegg, og ein blir både gripen og imponert når ein er der ute. Det er ein felleskyrkjeleg skatt, heilag grunn for både katolikkar, ortodokse, og religiøst søkjande menneske frå heile verda, seier Grung Moe.

Kjem: Dronning Sonja blir med på feiringa på Selje kloster.

Bispedømmet ventar mellom 500 og 600 deltakarar i helga, ,mange fleire enn det er plass til inne i klosterruinane. Heile markeringa går dermed føre seg utandørs.

– Det er ein religiøst lada stad, og det er ingen mobildekning der ute, så du blir tvinga til stille, refleksjon og undring, seier Grung Moe.

– Så er det alltid ei viss spenning knytt til vêret, men samspelet med vêrgudane er ein del av dramatikken med å feire Seljumannsmessa og bispesetejubileum, seier ho.