Førre veke fekk prosjektleiarane for klatreparken i Olden, Silje-Katrin Opheim og Randi Gjengedal, ein gledeleg overrasking, då Olden Cruise overrekte dei ein sjekk på 100.000 kroner i stønad til arbeidet med den nye parken.

– Det betyr veldig mykje, og er ein god drahjelp i vårt arbeid. Vi er svært takknemlege for dette, seier Silje-Katrin Opheim til Fjordingen.

Overrasking

Overrekkinga av sjekken kom som ei overrasking på Opheim og Gjengedal. Dei fekk ein melding om at dei skulle møte opp ved Olden skule, men visste ikkje noko om planane Joar Strand og Odd Jarle Kvamme ved Olden Cruise hadde.

– Vi møtte opp på skulen, men fekk ikkje vite noko meir. Så kom Joar Strand køyrande med sjekken. Den blei motteken til stor jubel, og nesten nokre tårer, fortel Opheim.

Ho synest det er kjekt at lokale krefter går inn med slike gåver, og håpar dette skal inspirere fleire til å støtte prosjektet.

– Vi er veldig takknemlege for gåva. Kanskje kan den også bidra til at fleire ønskjer å gi? Vi merkar iallefall at klatreparken har skapt engasjement i Olden, og mange er positive til det arbeidet som skal bli gjort, seier ho vidare.

– Ei gåve tilbake til bygda

Joar Strand fortel at bakgrunnen for gåva til prosjektet er at Olden Cruise ønskjer å gi noko tilbake til bygda.

– Dette er eit svært bra tiltak, noko som vil bli ståande til glede for mange unge i fleire år framover. Vi ønskjer å gi ei gåve tilbake til bygda der vi allereie driv mykje aktivitet, og då var klatreparken eit godt tiltak som vi ønska å hjelpe på beina, seier Strand,

Klar til våren

Så langt har Olden IL motteke stønad frå fleire lokale bedrifter, og på Oldedagane selde dei andelar som alle kunne kjøpe.

Opheim kan fortelje at klatreparken skal bli bygd like ved Olden skule, på grøntarealet ved parkeringsplassen. Dette er eit område som i dag består av nokre tre og ein platting. Håpet er at dette innan våren 2019 skal bli erstatta av klatreparken.

– Vi må nok sage ned nokre tre og flytte flaggstonga, men det skal ikkje vere noko problem. Målet er at klatreparken skal vere ferdig til 17. mai, seier Opheim.

Illustrasjon: Eit døme på korleis klatreparken kan sjå ut når den er ferdigstilt. FOTO: Klatrepark Foto: klatrepark