Hornindal Rundt er blitt karakterisert som Norges hardaste terrengløp. Svein Otto Espe fortel at utanom nordmenn stiller folk frå minst ti land på startstreken i morgon.

Det startar i dag med registrering og informasjonsmøte på norsk og engelsk. Det er også høve til registrering i morgon før starten går klokka åtte.

Sist onsdag var 365 påmelde til begge distansane på 75 og 38 kilometer. Starten for begge distansar går i Grodås sentrum. Innkomst for løypa på 38 kilometer er ved Horndøla bru der det er sett opp matstasjon med kjøtsuppe og drikke. Dette er halvvegs i den lengste løypa slik at også desse deltakarane kan nytte matstasjonen.

– Det er lov å endre løype undervegs. Nokon på 75 kilometer-løypa vel å avslutte løpet ved Horndøla bru. Andre på den kortaste distansen vel å halde fram heile løypa, fortel Svein Otto Espe, kontakt for marknad og presse. Målområdet for det lengste løpet er i Honndalshallen.

– Eg trur ikkje det er betre merka løyper i verda, seier Svein Otto Espe. Er det snø i fjella vert løypene merka med fargerike band. I år er det barmark, og då er merkinga med kvit måling.

Svein Otto Espe fortel at Hornindal Rundt er kjend langt ut over grensene våre. Han seier det er deltakarar frå fleire nasjonalitetar i løypene i tillegg til alle som kjem frå heile Norge for å utfordre seg sjølv og få ei utruleg naturoppleving. Løparane vert registrerte ved postane slik at arrangørane kan kontrollere om dei har vore innom alle postar.

Espe rosar Amund Sverre Tomasgard for pionerarbeidet med å arrangere terrengløpet, og nemner spesielt grundig tilrettelegging for at ingen skal oversjå kvar løypa går. Det er 20 postar langs den lengste løypa der deltakarane skal bli registrerte.

– Eg vil også nemne Miniløpet som er perfekt for familiar, seier Espe. Han har sjølv gått alle traséane og vore innom alle postane.

– Men ikkje på same dag, smiler han, og syner til rekorden på 8.56.23 for den lengste løypa. Innehavar av denne er Lars Erik Skjervheim. Svein Otto Espe er spent på om rekorden fell, men framhevar at løypa er verdt turen om ein går. Han er også spent på brørne Rasmus og Kristoffer Haugen som gjorde gode løp i Bergen fjellmaraton for kort tid sidan.