– Det er ingen grunn til å ha andre reglar for bemanning i familiebarnehagar enn i vanlege barnehagar. Det aller viktigaste for kvaliteten i ein barnehage er personalet. Vi har så mykje forsking om dette at det kan slåast fast heilt utan atterhald, seier professor Anne Greve ved Oslo Met til bladet Utdanning.

Familiebarnehagar er barnehagar med maks ti barn som vert drivne frå private heimar, og over 4.000 barn er ein del av denne ordninga.

Stortinget bestemte i juni at det skal vere maksimalt tre barn under 3 år per vaksen og maksimalt seks barn over 3 år per vaksen i norske barnehagar. Krava vert innførte 1. august, og barnehagane har fått eitt år på å innfri kravet. Samtidig vert det også innført ei skjerpa pedagognorm som regulerer kor mange pedagogfaglege tilsette det skal vere per barn.

Ettersom familiebarnehagane har ei eiga forskrift kan éin assistent ha ansvar for fire småbarn under tre år, eller to assistentar ha ansvar for opp til ni småbarn. Ein pedagog treng berre vere innom ein dag i veka.

Men statssekretær Rikke Høistad Sjøberg (H) seier til bladet at regjeringa ikkje har nokon planar om å endre forskriftene om bemanning i familiebarnehagar.

– Lovforskrifta gir eit tydeleg krav om forsvarlegheit. Barnehageeigar skal sjå på alderen til barna og på andre føresetnader når gruppene vert sett saman, seier Sjøberg.

(©NPK)