På Melkevoll Bretun er campingsesongen godt i gang, og ved campingplassen blir det arbeidd med spennande prosjekt.

– Eg har hatt ein ide om eit bygg med ein steinvegg ei stund, og endeleg har vi fått det til, seier Inge Melkevoll.

«Steinhallen»

Bygget som er under konstruksjon har fått fleire kallenamn i byggingsfasen, og namn som «Urkrystallen» og «Steinhallen» er nemnt. Melkevoll fortel at dei foreløpig ikkje har landa på eit namn til bygget som skal bli brukt til fleire aktivitetar.

– Dette er eit rom for allsidig bruk, mellom anna yoga, kurs og konsertar er i tankane. Vi byrja på bygget like før jul, og planen var eigentleg at vi skulle bruke to år, men med fantastisk hjelp frå mange dyktige personar byrjar det allereie å ta form. Vi trur det skal stå klart til full drift allereie neste år, seier Melkevoll.

Han legg også vekt på at dei ønskjer å vise fram den spesielle naturen i området, rundt morenar og steinskred som er fleire tusen år gamle.

– Vi er veldig spente på resultatet, for dette er jo ikkje noko ein driv med kvar dag, seier han.

Fleirbrukshall

Johanne Melkevoll, dotter av Inge, har i fleire år undervist i yoga på Melkevoll Bretun, og ser no fram mot moglegheita til å kunne utvide dette tilbodet.

– Far har lenge drøymt om eit hus med ein slik steinvegg, og eg har lenge drøymt om å utvide yoga-verksemda. Hallen gjer at vi begge får draumen oppfylt.

Ho legg til at det ikkje berre er yoga bygget skal nyttast til, men at dei ønskjer å ha kultur i sentrum.

– Utstillingar, konsertar og foredrag er berre noko av det vi ønskjer å nytte den til. Ideane og visjonane er det ingenting å seie på, så får vi sjå kva som fungerer, seier ho.

Steinalderhole og «Utelada»

Frå før er der allereie ei steinalderhole på Melkevoll Bretun, der turistar kan opphalde seg. Her inne er det både skinnfellar, benkar og bålplass.

– Folk kan til og med overnatte her inne, dersom dei ønskjer det, seier Inge Melkevoll.

«Utelada» er også forholdsvis nytt bygg, eit opphaldsrom for turistane, med bål- og grillplass og store vindauge.

– Utelada er ein kopi av ladene som ein kunne sjå i området for mange år sidan, fortel Inge Melkevoll.

På delar av ruta rundt Informa-vegen har ein god utsikt mot Oldedalen. Det nye bygget er også synleg frå denne vegen. Foto: Odd Sindre Tonning
Her inne er der både benkar og bålplass. Foto: Odd Sindre Tonning
Den 45. høgste fossen i Norge er ein attraksjon for turistar. Foto: Odd Sindre Tonning
Slik ser den eine inngangen til steinalderhola ut. Foto: Odd Sindre Tonning
Til høgre i bildet kan ein sjå steinveggen som lener seg inn mot hallen, og utgjer austveggen. Foto: Odd Sindre Tonning
– Den nedste delen av hallen har blitt mura saman med stein frå tomta, fortel Melkevoll. Foto: Odd Sindre Tonning
Det første som møter dei besøkjande i den nye hallen er denne steinveggen. Foto: Odd Sindre Tonning
Utelada tilbyr eit opphaldsrom for turistane, med både bål- og grillplass, og flott utsikt. Foto: Odd Sindre Tonning
Det er naturen som trekk til seg mange turistar, og dette er noko av det dei kan vente seg langs Informa-vegen. Foto: Odd Sindre Tonning