Leiinga i Hornindal kommune er under press, mellom anna med ulike meldingar om at kommunen kan bli meld til politiet, og blant folk myldrar det av spekulasjonar.

Etter at sommarferien er avvikla for alle i Hornindal kommune, vil rådmann Ann Kristin Langeland saman med leiarane ta føre seg alle i det kommunale apparatet og ha ein gjennomgang av kommunen sine etiske retningsliner.

– Vi kan aldri ha nok fokus på det. Det er kjempeviktig, og spesielt i ein liten forvaltningsorganisasjon som i Hornindal kommune må alle ha ei medviten haldning på dei etiske retningslinjene. Vi er totalt avhengige av å ha tillit hos folk, seier rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland.

Det er ikkje kjekt for kommuneleiinga å handtere ei varslingssak mot kommunalt tilsette, men rådmannen poengterer at alle slike saker må handsamast ut frå retningslinjer og regelverk.

Spekulasjonar

Kommuneleiinga i Hornindal har motteke beskjed om at kommunen kan bli meld til politiet, men det tek rådmannen med fatning.

– Det tek eg når meldinga ligg føre, seier Ann Kristin Langeland. Ho meiner kommunen har gjort rett og seier dei har handla i tråd med konsesjonslovverk og andre regelverk.

Tumultane i bygda gjeld kommunen si rolle av eit eigedomssal som er stoppa av Sogn og Fjordane tingrett. På grunn av retten sin domsavsigelse om midlertidig forføyning som gjeld til 1. oktober, referert i Fjordingen sist tysdag, vart konsesjonssøknaden for ny kjøpar av eigedomen utsett til saka er avklara.

– Usemje kring eigedomssal er ei privatrettsleg sak som kommunen ikkje har noko rolle i, seier Langeland. Ho forklarar at då saka om konsesjon vart motteke i administrasjonen i mai, var det ulike grunnar til at saka vart utsett.

– Så kom eit varsel, og vi fekk rettsavgjerda, fortel rådmannen og forklarar at på grunn av dette vart det naturleg å ikkje handsame konsesjonssøknad frå eigedomskjøpar. Langeland stadfestar at først når alt er avgjort ved semje eller i rettsapparatet, vil det vere tid for å sakshandsame konsesjonssøknad i administrasjon og i det politiske apparatet.

etikk: – Vi kan aldri ha nok fokus på dei etiske reglane, seier rådmann Ann Kristin Langeland.

Etikk

Til liks med alle offentlege institusjonar har Hornindal eit etisk regelverk som vart revidert i 2015.

– Vi må vere flinkare til å ta dei etiske retningslinene fram og snakke om dei, seier rådmann Ann Kristin Langeland og meiner tillitsvalde, sektorleiarar, leiarar av råd og utval og kommunestyret har eit ansvar for å forsterke gode haldningar ovanfor dette regelverket.

– Det skjer mykje hos oss i løpet av ein dag og ei veke, seier rådmannen. Ho poengterer at om ikkje alle på alle nivå tenkjer tilstrekkeleg over kva handlinga kan innebere som kommunalt tilsett, kan ein trakke over etiske liner der habiliteten kan trekkjast i tvil.

– Er ein usikker, er det lov å spørje. Men ein må også av og til stoppe opp og tenkje sjølv. Til sjuande og sist er det den einskilde som har ansvar for å kunne kommunen sine etiske retningsliner og følgje dei, seier rådmann Ann Kristin Langeland. Ho meiner at om ein er bevisst på dei etiske reglane, vil det «lyse» raude varsellamper og ringje alarmklokker dersom ein kjem i situasjonar der etikken står i faresona for å bli broten.

Rådmannen seier ho ikkje kommenterer den aktuelle varslingssaka i kommunen, men framheld dette på generelt grunnlag.