Stryn kommune har fått eit nytt medlem og ein ny leiar i namnenemnda, etter at den tidlegare leiaren, etter søknad, har fått fritak frå politiske verv ut denne kommunestyreperioden. Den nye leiaren er Kari Synnøve Muri, og nytt medlem er Tanja Selbervik Hage. Nemnda består elles av Håkon Loen, Arne P. Sunde, Kristian Solvang, Inge Fænn og Einar Guddal. Etter kommunestyrevedtak av 24.9.15 er det rådmann i samråd med leiar for Sektorutval for tekniske saker som vel medlemmar i Namnenemnda.