Ein av Norges mest kjende sportsjournalistar vil vere til stades under Proffveka 2018, når Davy Wathne kjem til Stryn. Wathne er nok mest kjend frå TV2, der han mellom anna har vore sportsanker i ei årrekkje.

Wathne kjem til Proffveka på onsdagen, der han skal ta del i grilling og teambuilding. På torsdagen kan ein sjå fram til ein debatt, der mellom anna spelarutvikling i Norge vil vere eit tema, før han på fredagen skal få med seg nokre av kampane som bir spelte.

Proffveka har vore arrangert sidan 2010, og vil gå av stabelen 6.-10. august i år.