Stryn kommune opplever suksess med satsing på midlar og ressursar for at ungdom skal få prøve seg i arbeidslivet så tidleg som mogeleg.

Personalsjef i Stryn, Torfinn Moen, seier det i kommunen er brei semje om å gje ungdom høve til jobberfaring innan kommunale tenester. Han meiner det er viktig at unge på veg inn i vidare utdanning får kunnskap om ulike stilingar i kommunal regi, og at kommunen treng folk frå mange fagområde. Også dei som har gjort sine yrkesval kan få høve til praktisering i heimkommunen.

– Erfaring med å vere ute i arbeidslivet er viktig, meiner Moen.

Ordførar Sven Flo er nøgd med at kommunen saman med det private næringslivet bidreg til at flest mogeleg får sommarjobb og kjennskap om kva som finst av framtidige yrkesvegar i nærområdet.

Budsjettpost

Det er brei semje mellom administrajonen og politikarane om å setje fokus på unge, og å satse med kommunale midlar og ressursar for denne gruppa. Stryn har sett av 500.000 kroner i ein eigen budsjettpost og midlane er øyremerkte til sommarjobb for ungdom frå 16 til 23 år. I år var det 54 søkjarar til 35 jobbar. Kvar einskild får i utgangspunktet ein kontrakt på sommarjobb i tre veker i ulike sektorar, og personalsjef Torfinn Moen fortel at dei unge så langt som råd får jobbe i ein sektor dei sjølv har ynskt. Han fortel at det kjem mange søknader, men at somme takkar nei på grunn av andre jobbtilbod. I år har 23 fått kontrakt med Stryn kommune.

– Vi prioriterer først dei som ikkje har hatt sommarjobb tidlegare, fortel personalsjefen men seier unge med interesse bør søkje sjølv om dei har hatt sommarjobb før. Det er ikkje automatikk i at dei same får jobb fleire år på rad, og tilsettinga skjer ut frå innsende søknader. Alderskrav er at søkjaren har fylt 16 år, og i somme sektorar er det naudsynt at vedkomande har førarkort.

God læring

– Dei unge får lære meir enn praktisk arbeid. Dei må lære å sende søknad elektronisk. Skal ein jobbe med born, unge eller eldre, må ein leggje fram politiattest som vert søkt elektronisk, seier Torfinn Moen. Han påpeikar at lærdom med å skrive søknad er viktig i ein tidleg fase av livet. I tillegg får dei unge lære om arbeidsavtale, om å skrive timelister for utført arbeid, og korleis lønsutbetaling skjer og korleis ein byggjer sin eigen CV for framtida.

Mange kjem tilbake for å ta helgevakter

– Ungdomane får opplæring på den aktuelle arbeisplassen. Det er viktig å poengtere at dei unge i sommarjobb kjem på toppen av den øvrige bemanninga, seier personalsjefen. Han fortel at mange kjem tilbake og til dømes tek helgevakter innan pleie- og omsorg, og det er noko kommunalsjefen set pris på.

– Vi håpar at satsingen i Stryn kan syne eit stort spenn i fagområde som finst i kommunen, og vi er avhengige av å rekruttere fagpersonell i framtida, skyt ordførar Sven Flo inn.

– Ungdommane er per definisjon tilsette i Stryn kommune med dei same pliktane og rettane som alle andre kommunalt tilsette. Dei får sjå og lære om det totale biletet ved å jobbe i kommunen, seier ordførar Sven Flo.

Trong for 102 nytilsettingar

Personalsjef Torfinn Moen meiner det også er viktig at ungdom får oppleve at kommunen som arbeidsgjevar framstår som trygg og forutsigbar.

Frå 2018 og fram til 2023 har personalsjef Torfinn Moen rekna ut at på grunn av avgang vil Stryn på ulike fagområde ha trong for 102 nytilsettingar. Analysen synleggjer rekrutteringsbehovet og forklarar den medvitne satsinga på ungdom som skal velje vidareutdanning etter grunnskule.

Ros: Avdelingssjukepleiar Lisbeth Sollid (i midten) gjev mykje ros til Siv Visnes og Mohammad Aliajeh for at dei er pliktoppfyllande. Foto: Anne-Mari Aalberg