Med tre lag i A-sluttspelet og tre lag i B-sluttspelet var det duka for ein dag fyllt med fotball for laga frå Stryn som har teke turen til Göteborg for å spele Gothia Cup.

Stryn gutar 14 har hatt ein travel dag, og spelt ikkje mindre enn tre kampar i A-sluttspelet. Dagen byrja mot svenske Spånga IS FK, som blei slått 3-0. Berre nokre timar seinare var det tid for 16-delsfinale mot Näsets SK sitt førstelag. Det såg lenge ut til å seie stopp for Stryn der, men to seine scoringar sendte nordfjordingane vidare til 8-delsfinalen i ein av verdas største fotballturneringar. Her sa det dessverre stopp, då bulgarske SKF Bulgaria blei hakket for sterke, og slo Stryn 0-1. Ein god prestasjon av dei unge gutane, som kan reise heim med heva hovud.

Det same kan jenter 15 laget, som gjekk ubesigra gjennom gruppespelet. I 16-delsfinalen av A-sluttspelet møtte dei norsk motstand i Bærums Verk Hauger IF, i ein kamp som gjekk heilt til straffesparkkonkurranse før ein vinnar kunne kårast. Då var det dei blåkledde frå austlandet som trakk det lengste strået.

Straffesparkkonkurranse skulle også til for å skilje Stryn og Vaksala i jenter 13 sin 8-delsfinale i B-sluttspelet. Denne gangen var det Stryn sin tur til å kunne juble høgast, då dei sikra avansement til kvartfinale på høgst nervepirrande vis. I morgon tidleg møter dei Väster i kampen om å nå semifinalen i Gothia Cup.

Det andre laget frå Stryn som framleis heng med i turneringa er gutar 16. Dei opna dagen med siger i ein tett kamp mot Stenkullen GoIK, som enda 1-0. Seint i kveld spelte dei også 16-delsfinalen i B-sluttspelet, der dei slo Frövi IK 3-1, og er dermed klare for 8-delsfinale i morgon tidleg, då dei skal ut i aksjon mot FC Gjøvik Lyn 1.

Gutar 13 vann slitekampen mot FC Ajax - Tallinn i går, som sørga for at dei kvalifiserte seg for A-sluttspelet i turneringa. I den første utslagsrunda møtte dei Thailandsk motstand, i form av Southern Beach FC, som viste seg å bli for sterke. Ein solid turnering blei dermed avslutta for deira del etter 1-5 tap.

I 32-delsfinalen sa det også stopp for jenter 14 laget til Stryn, i det som blei ein svært målrik kamp mot Rælingen FK. Stryn tok leiinga 2-1 før det var spelt 20 minutt, men to raske mål av Rælingen sørga for at dei var i føringa ved pause. Denne gav dei ikkje slepp på, og tilslutt enda det 3-5 til Rælingen.