Oddvar Auflem

Bonde og tallmagikar

Olden

– Kva opptek Oddvar Auflem for tida?

– Køyre inn tørrhøy og sjå fotball.

– Ferierer du?

– Nei i grunnen ikkje. Eg arbeider ikkje så veldig hardt. Tek småturar og tek turen om det kjem spørsmål om saueklipping-konkurranse.

– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?

– Spelar ingen rolle. Alt i Fjordingen er godt lesestoff.

– Tips til ein regnversdag?

– Då kan ein sitje inne og drikke kaffi og finne på eitkvart. Då ser eg mykje TV og får inn både Moskva og Japan. Ein må jo følgje med.

– Favorittbadeplass?

– Auflemvika, men det er lite bading i sjøen.

– Badeshorts eller speedo?

– Badebukse held.

– Din sommarhit?

– «På livets lyse side» med Finn Kalvik. Jazz og rock er ikkje musikk for meg. Fele og trekkspel derimot…

– Kva les du om sommaren?

– Eg les heile tida. Helst les eg aviser som VG, Fjordingen og andre. Fjordingen er ei god avis, og eg les alt. Så les eg ulike blad som Bondebladet, Sau og geit og Villmarksliv. Og Hesteveddeløp følgjer eg med på!

– Du får sommargjester. Kva attraksjon i indre Nordfjord tek du dei helst med til?

– Auflemåsen. Derifrå ser ein både Hoven, utover fjorden og innover fjorden, og det er mange trimpostar.

– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

– Slekt og vener.